Bygging av hydrogen- og ammoniakkfabrikk i Holmane-Nordgulen i Bremanger kommune

Det området som er tenkt til slik fabrikk, er mykje brukt av dei som bur i Svelgen-området både til fiske/båtutfart, bading og friluftsliv. Store delar av området er i dag avsett til LNF-område (landbruks-, natur- og friluftsområde), og vil med ei slik utbygging etter mi meining gå tapt. Tennøyane naturreservat ligg like ved.

Slik eg forstår det vil fabrikken som dei vil bygge kreve 300 megawatt. Det er tre gongar meir enn det Elkem brukar i dag, og om lag like mykje som det årleg vert produsert ved kraftverka i Svelgen og Ålfoten. Ein slik auke av kraftforbruket vil kreve nye linjer, og dette vil gå ut over oss alle – også Elkem.

Kostnadene med dette vil bli svært store. Ei slik utbygging kan også gå ut over anna framtidig kraftbehov i Bremanger kommune, og vil truleg på sikt tvinge fram ytterlegare vindkraftutbygging i kommunen.

Fakta om anlegget viser at dei vil produsere oppimot 40.000 tonn hydrogen i året. Ammoniakktanken som er tenkt bygd, skal romme 45 millionar liter. Det skal produserast 220.000 tonn med ammoniakk årleg. Tanken har ei høgd på 45 meter. Oppå denne skal det plasserast ei pipe med fakkel på 15 meter – totalt 60 meter høgd. Til samanlikning er Oslo rådhus 66 meter høgt. Anlegget vil vere av eit slikt omfang at det truleg vil dominere heile området, dvs. både fjordane Sørgulen, Midtgulen og Nordgulen.

Fabrikken vil også vere eit dominerande landemerke frå Frøysjøen og Kalvåg.

Rundt øyane i Holmane, er det eit særs rikt naturmangfald, også av sårbare fugleartar (t.d. ærfugl, ender, måker, hegrekoloniar og ørn). Fleire artar er i sterk nedgang og er raudelista. På land kan nemnast regnskog og særs gamal furuskog.

I sjøområdet der fabrikken er tenkt bygd, er det sårbar natur som blautbotn, ålegrasenger, tareskog og blåskjell. Nordgulen er eit viktig gyteområde, som betyr mykje for fugleliv og fiskeri også langt utover Holmane.

I området ligg og Tennøya, som er freda, og Hessvikflua, som tidlegare var ein ynda fiskeplass, men som i dag er øydelagt av steinstøv frå steinbrotet. Slik eg og mange med meg ser det, meiner eg heile prosjektet må skrinleggjast.

Dersom kommunen likevel går inn for utbygging, vil det bli eit stort tap for oss som bur her. Ei slik utbygging vil truleg og kreve så mykje energi at det vil ramme all anna utbygging.

Produksjonen som er tenkt foregå på Holmaneset er kategorisert som eit storulykkeanlegg. I det ligg at anlegget er underlagt brann- og eksplosjonsvernlova og storulykkeforskrifta. Hydrogen er svært brannfarleg. Det må difor vere risiko knytt til produksjon, transport, lagring og bruk.

Avslutningsvis seier det seg sjølv at når dette eine prosjektet har eit så stort kraftbehov, vil denne utbygginga kreve så mykje energi, at det vil stoppe anna energikrevjande utbygging i kommunen.

Eg vil difor oppmode innbyggjarane og kommunestyret i Bremanger om at dei seier eit bastant nei til denne utbygginga. Og kva blir gevinsten: Den blir at området vert som i dag, til glede og nytte for oss som bur her.