Dette innlegget er skrevet av Vågsøy-politikar Daniel Henriksson (Raudt) og sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 23. februar.

Ka­pi­ta­lis­men er døy­an­de!

Fleire tal frå rap­por­ten:

– 2015 var året då den ri­kas­te 1 pro­sent eig meir enn alle oss an­dre 99 pro­sent.

– Dei su­per­rike gøy­mer unna 7.600 mil­li­ar­dar dol­lar frå skatt­leg­ging.

– 90 pro­sent av dei stør­ste sel­ska­pa i ver­da finst i minst eitt skat­te­pa­ra­dis.

– Af­ri­ka blir rana for 14 mil­li­ar­dar dol­lar i tap­te skat­te­inn­tek­ter på grunn av at pen­gar blir gøymt unna i skat­te­pa­ra­dis. Kvart år.

Det øko­no­mis­ke sys­te­met vi har i dag kan ik­kje over­le­ve. Det er ber­re å sjå rundt om kring i ver­da på alle kri­ser som ka­pi­ta­lis­men har skapt og ska­per. At vi le­ver un­der eit sys­tem som sten­dig krev øko­no­misk vekst i form av auka for­bruk kan ald­ri vere be­re­kraf­tig og må by­tast ut. Jo før jo hel­ler. Vi må spør­je: Er det­te det bes­te vi men­nes­ke får til? Er det­te den bes­te må­ten å or­ga­ni­se­re øko­no­m­i og sam­fun­n på?

Vi i Raudt mei­ner at ei an­nan måte å or­ga­ni­se­re øko­no­m­ien på både er mog­leg og nød­ven­dig. Ein øko­no­mi som er de­mo­kra­tisk styrt og ba­sert på ei el­ler anna form for plan­øko­no­mi. Her er ik­kje øko­no­misk vekst det vik­ti­gas­te, men å or­ga­ni­se­re sam­fun­net sånn at alle får ta del i ver­d­ia­ne som vert skapt på ein be­re­kraf­tig måte. Då vil ik­kje auka pro­duk­ti­vi­tet føre til auka ar­beids­løy­se, men komme alle til gode gjen­nom til dømes kor­ta­re ar­beids­tid.

Det er mange som ser at det sys­te­met vi har i dag, der pen­gar og pro­fitt sty­rer alt, må by­tast ut. Kor­leis og når det­ vil skje er ik­kje en­kelt å spå, men om vi al­le­reie i dag be­gyn­ne å snak­ke om det og plan­leg­gje for ei verd etter ka­pi­ta­lis­men, så står vi mykje bet­re rus­ta.