Raudt Vågsøy hadde denne uttalen, som vart vedteken på partiet sitt årsmøte, på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 26. januar:

Ikkje la TINA få makta over oss!

Då den engelske velferdsstaten blei rasert og det meste privatisert på 80-talet var det eitt slagord som blei brukt meir enn noko anna for den usosiale politikken som blei ført: «There is no alternative» (forkorta TINA). På norsk: Der er ingen alternativ.

Det kan sjå ut som det same skjer i vår debatt om kommunereforma. Det meste handlar om kven vi skal slå oss saman med, ikkje om vi skal gjere det. Før ein forandrar noko så grunnleggande som kommunestrukturen skulle ein forvente at ein hadde analysert og konkludert med at dagens organisering ikkje lenger var brukande. At dette kom frå kommunane sjølve som eit krav om endring for å greie å organisere skule, helse og alle andre viktige tenester i lokalsamfunnet. Men i staden har dette kome som krav «frå oven». Og for å få det til så kjem både pisken og gulrota fram i form av auka eller minka overføringar frå staten. Ei «demokratireform» innført med tvang?

Erfaringane frå Danmark si tilsvarande kommunesamanslåing er svært negative. Mindre (lokal) demokrati, fråflytting og nedlegging av utkantane, sentralisering av tenester og tilbod er stikkord som blir brukt når ein summerer opp korleis det gjekk.

Raudt er sjølvsagt ikkje prinsipielt imot å slå saman kommunar, men det må kome frå kommunane sjølve. Når dette kjem som eit pålegg frå sentrale parti og politikarar som ser det som ein fordel at alt som kan privatiserast og tenast pengar på blir privatisert, då er det heilt rett å vere skeptisk.

Det finst alltid alternativ. Raudt sitt alternativ er å seie nei til kommunesamanslåing for Vågsøy sin del. Vi har ikkje sett noko utgreiing eller analyse som seier at storleiken på kommunen vår er til hinder for å løyse oppgåvene våre. Vi løyser det meste på ein ganske god måte. Vi skulle berre hatt litt betre råd. Ein større del av skatteinntektene skulle blitt i kommunen i staden for å ende opp hos staten. Bremanger sin motstand mot samanslåing og Selje sin iver etter det same, handlar vel først og fremst om kommunekassa i dei kommunane. Minus og minus gjev ikkje pluss. Betre kommuneøkonomi får ein ved å setje fokus på akkurat det problemet – ikkje på magisk vis berre ein kvittar seg med eit par rådmenn og ordførarar. Tenk om det hadde blitt brukt like mykje tid, krefter og pengar i kommune-Noreg på korleis ein skulle få slutt på skeivfordelinga mellom kommune og stat som det no blir brukt på denne samanslåinga. Det kunne verkeleg ha gjeve oss robuste kommunar.