Dobbeltkommunikasjon i regjering – politisk styring og samfunnsutvikling til noko betre. Eller ...?

Skal Kinn kommune bestå? Er det ikkje lenger sånn at størrelsen på ei kommune har nedre smertegrense? Når blei mange, mange år med argument for større forvaltningseiningar i Norge kasta på båten? Kinn kommune er så langt ei suksesshistorie for utvikling av tenestene og stimulering av næringsliv for framtida.

Vi er litt under 20 tusen menneske som risikerer utsetting og det som verre er for heilt naudsynt ny omsorgsinstitusjon, ny barneskule, naudsynt infrastruktur, næringsutvikling og bu- og levemiljø. Senterpartiet i regjering har tydeleg og stor trong for å vise handlekraft i distriktet vårt. Ein har fått tre veker på å skaffe kunnskapsgrunnlag og få fram sannsynlege konsekvensar ved ei deling. Så skal folk høyrast og innbyggjarar forventar folkerøysting.

Senterpartiet og Raudt lokalt er godt nøgde, og sjølv om dei seier seg einige i at fristen er kort, så er refrenget «Dette må vi klare». Eg meiner, og mange med meg, at det er uforsvarleg kort tid til utgreiing og informasjonsarbeid. Eg meiner det gjer kommunen til ein uansvarleg arbeidsgjevar. Tenk kompetanseflukt, tenk behovet vi har for rekruttering av tilsette, tenk motivasjon. Ein kommune er ei kompetansebedrift.

Styret i Forskningsrådet er kasta og mange forskarar er bekymra for seg sjølv i tillegg til frykta for forskingsprosjekta. Som meinig medlem av eit regjeringsparti og lokalpolitikar for Arbeiderpartiet, må eg seie at eg blei veldig overraska over statsråden si handlekraft. Eg er nysgjerrig på kva vi er vitne til. Spenningar mellom fag og politikk er kjend, og dynamikken er også lokalt til å ta og føle på. At fag treng politikk og politikk treng fag er ei sanning. «Til lags åt alle …». I det eine øyeblikket opplevast politikken som ei god greie, når dine interesser vert møtt, i neste øyeblikk blir ein idiotforklart om interesser ikkje let seg foreine.

Senterpartiet sine statsrådar i desse to sakene har tatt avgjerder langt unna alminnelege forventningar til kunnskap og nytta av dialog før slutningar. Utgreiingsinstruksen er kanskje kjedelig, men ikkje desto mindre viktig. Eg har ikkje oppdaga at Senterpartiet har forklart sine motiv for å vere så raske og bestemte.

Eg ber Arbeiderpartiet og Senterpartiet i regjering og Storting om å vise ansvar. Lokalt har eg gitt opp Senterpartiet der eg meiner nokre driv oppvigleri i kommunestyret og i debattar på sosiale medium. Det er verken informert eller ansvarleg. Kunnskapen om politisk ansvar og offentleg administrasjon, tenestelevering, vert formidla frå eit personsentrert og snevert innblikk. Dei er ikkje tillitsmenn/ -kvinner for andre enn motstandarar av kommunesammenslåinga. Det skal ikkje snakkast om kva som kan eller bør skje med den delen som står igjen av Vågsøy. Det er visstnok irrelevant. Sp vil altså ikkje ha diskusjon, men vil ha sin gamle kommune tilbake.

Må eg minne om at størrelsen på kommuena har betydning for tenestene til innbyggarane i vår og nærliggande kommunar? Å framstille dette som irrelevant med argument om at innbyggarar er meir fornøgde i mindre kommunar held ikkje. Vi er fortsatt ein liten kommune og har god plass til fleire. Å igjen bli tre små kommunar her vest, vil redusere handlingsrommet for utvikling og kan bidra til meir fraflytting. I rein fortviling over mangel på framtidstru her på kysten.

Forskarar finn ny kunnskap, utfyller og korrigerer den eksisterande. Vi kan ikkje ha det sånn at kunnskap blir sett på som berre måteleg viktig eller «pynt». Dette er ikkje styresmaktene verdig. No er føreseielegheita sterkt trua, for forskarar på nasjonalt nivå og for Kinn kommune.

Arbeiderpartiet står for ein grundig, langsiktig og svært gjennomtenkt politikk. Det betyr ikkje at den er resistent for endring. Å gjere seg opp politiske meningar krev at vi også tåler diskusjonar om kunnskapen. Helst om verdiar og haldningar også. Føreseielegheit er likevel heilt naudsynt for forvaltinga, for politikarar og innbyggarar, lokalt og nasjonalt. Det får vere grenser for politisk handlekraft.