Ola Teigen, hold deg til fakta om arealplanen i Vågsøy

Om du køyrer i 100, så går arbeidet med arealplanen for Vågsøy knapt i 30. Det innrømmer ordføraren i det minste i innlegget sitt.

Sp har ofte i Kinn kommune sitt plan- miljø og næringsutval spurt etter framdrift for ny arealplan for Vågsøy, nå kalla områdeplan for Vågsøy.

Eg trur det er best at Ola Teigen klyp seg sjølv i armen og ikkje skuldar på at Nils Myklebust ikkje har sett i gang arbeidet med arealplanen i Vågsøy.

Nils Myklebust var ikkje fast medlem av Vågsøy kommunestyre i 2002. Han vart fast medlem frå 2011. Tidlegare var han inne som vara.

Ola Teigen var nok kjent med at Ap i Vågsøy i 2016 braut alt samarbeid med Sp-Frp-Tlv og Rødt. Dermed vart også varaordførar Nils Myklebust sett på sidelinja (slik ordførar Teigen gjorde med Sidsel Kongsvik) og fekk ikkje ta tak i den nødvendige utviklinga av Vågsøy kommune.

Det er den utgåtte arealdelplanen som hadde varigheit fra 2002-2014. som Sp ivra for å få oppdatert. Sp fekk stadige henvendingar frå innbyggjarar og næringslivet på grunn av ein utdatert arealplan. Vi kan blant anna nemne eit nytt i byggjefelt i Skavøypollen, som fylkesmannen la inn motsegn mot.

Politiske plattformer for samarbeid har vi nå erfart at Ap har tradisjon til ikkje å etterleve. Her gjeld politiske avtaler til Ap får tilgang til ordførarstolen, det gjelder også Ola Teigen. For perioden 2015-2019 underskreiv også Ap i Vågsøy under punkt 5: Fullføre kommuneplan og arealdel i samarbeidsplattforma mellom Ap-Sp-Frp-Tlv og R. Dette for å få ordføraren. Kort tid etter valet braut Ap samarbeidet. Som kjent blei det deretter ikkje tatt særlig tak i planarbeidet verken politisk eller administrativt av styrande partar.

Når det angår område for å plassere stein frå Stad Skipstunnel fremja Nils Myklebust ei liste over område som det måtte settast i gong planarbeid på, dette var enten i 2016 eller 2017. Dette vart einstemmig vedteke i Vågsøy kommunestyre, men heller ikkje dette vart følgt opp. Planavdelinga i Kinn skal ha skryt for innsatsen med å regulere områder for å ta i mot steinmasser frå Stad skipstunnel. Her har Kystverket pressa på.

Vi er enige med Ola Teigen i at det er utført mykje godt arbeid i plan og byggesaksavdelingane i Kinn kommune. Vi stiller oss særs kritiske til at områdeplanen for Vågsøy ikkje er prioritert høgare og kommen til politisk handsaming i plan- miljø og næringsutvalet og kommunestyret etter 2,5 år i Kinn kommune. Til dømes er planen for Floralandet- Brandsøy ferdig handsama og godkjend i kommunestyret. Dette får Ola Teigen ta det politiske ansvaret for.

Til slutt vil vi nemne at saksbehandlaren i Vågsøy, som utarbeidde samfunnsdelen til ny kommuneplanen i Vågsøy, også fekk skryt av Fylkesmannen for ein godt utarbeidd samfunnsdel til ny kommuneplan.

Skal Vågsøy-delen av Kinn kunne få auka talet på innbyggjarar, så er det å legge til rette for attraktive bustad områder ei føresetnad, likeins at der vert opna for husbygging utanfor bustadfelt, som til dømes på ein gard der ein har vakse opp. Dette må også gjelde hytter.

Ordføraren skryter over kor langt du er komne med Skram skole og at du vil ta den inn att i budsjetta for 2023. Snakkar du sant, er dette kort og godt kjempegreier.

Kvifor skal vi tru på dette no? De tok investeringa heilt ut av økonomiplanen for 2022-2025 fordi de ikkje fann midlar nok. Kvar skal du hente midlane til Skram skole frå no?