Kjære innbyggjar i Stad kommune.

No har det gått to månader sidan eg vart vald som ordførar, og tida har gått utruleg fort! Det vart ikkje mange kveitebrødsdagane før budsjettet vart lagt fram, og alvoret seig innover alle dei nyvalde og attvalde kommunestyrerepresentantane.

Det vart nok ein tøffare start enn mange hadde sett for seg, med vanskelege prioriteringar og lite økonomisk handlingsrom, og der framtidig bruk av Bryggja omsorgssenter vart ei krevjande sak.

Noko av det kjekkaste som ordførar er at eg kjem veldig tett på. Eg blir invitert rundt om i heile kommunen, og får helse på driftige folk. Det er mange som brenn for å utvikle verksemdene sine. Dei satsar store summar på risikofylte prosjekt, og dei ønskjer sterkt at deira verksemder skal vinne fram i ein tøff nasjonal og internasjonal marknad.

Vi heiar på dei, og eg trur dei vil lukkast.

Nettopp denne stå-på-viljen er så viktig for våre lokalsamfunn. At vi har eldsjeler som tek tak, anten det er i næringslivet, idretten eller kulturlivet. Det skapar trivsel og gjer at vi kan ha gode kvardagar og leve gode liv.

Eg treff på folk som brenn for lokalsamfunnet vårt, anten det er på Seljecup, under 90-årsferinga til samfunnshuset på Barmen, eller når ei begeistra dronning får oppleve Soga om Sol frå scena på Operahuset.

Kulturlivet vårt er noko Stad kommune er kjend for over heile landet. Det var stort å sjå alle dei flotte skodespelarane på operascena. Dei har tatt steget frå lokale talent til å levere scenekunst på nasjonalt topp nivå. Det er ikkje tilfeldig at det skjer akkurat her.

Vi blir stadig fleire som bur i Stad. I løpet av dei ni fyrste månadane i år vart vi 87 fleire innbyggarar. Vi har både fødselsoverskot og netto tilflytting. Det er det all grunn til å vere glade for, vår jobb er å ta godt vare på alle dei som kjem hit, slik at dei vil halde fram å bu her med oss.

Folk flyttar stadig meir enn før. Dei lokalsamfunna og bygdene som verkeleg lukkast, er dei som veit å ta vare på alle. Kanskje kan årets nyttårsforsett vere å invitere nye naboar inn på ein kopp kaffi, og knyte nye venskapsband?

I årets val var det heile ni parti som stilte lister, og alle kom inn med representantar i kommunestyret. Eg synest dette er flott. Det vitnar om at det er god interesse for å vere med i kommunepolitikken. Vi skal samarbeide til det beste for folk i kommunen vår.

Eg har store forventningar til 2024. Eg ser fram til at Stad skipstunnel blir lyst ut på anbod, og at bygginga kan starte i 2025. Vi gler oss til bygging av Statens hus på Nordfjordeid. Vi skal starte utbygging av nytt bustadfelt på Bryggja, ny brannstasjon i Selje, og uteområda til fleire av barnehagane i kommunen skal bli rusta opp. Snart opnar vi nytt tilbygg på Gjerdane barnehage. Berre for å nemne noko!

Stad kommune skal også starte arbeidet med ein ny utviklingsplan for kommunen eller «planstrategi» som det heiter reint formelt. Det blir eit viktig arbeid for sikre at alle delar av kommunen skal utviklast framover.

Så kjære innbyggjar i Stad kommune, eg er optimistisk med tanke på framtida vår og ønskjer deg velkomen til samarbeid i det nye året.