Vi er heldige som har organisasjonar og eldsjeler som legg til rette for treffpunkt mellom næringsliv, lokalsamfunn og ungdomen.

– Det er dei unge som skal skape framtida og gjere verda til ein betre stad å leve i, sa Fridtjof Nansen tidleg på 1900-talet.

Ei investering i dei unge, er ei investering for framtida. Alle samfunn er avhengige av rekruttering som sikrar nabolaget, bygda, byen, landet og verda til ein god stad å leve i. Det er vanskeleg å ha tru på framtida, om alle unge flyttar ut og ingen blir igjen eller flyttar heim.

Vi som bur i lokalsamfunna har alle eit ansvar for å halde oppe trua på framtida, og legge til rette for at framtidige generasjonar vil bu og arbeide i vårt lokalsamfunn.

Kommunane har eit ekstra stort ansvar. Dei må vere ein akselerator for utvikling og vekst, og ikkje ein bremsekloss. Fleire skular og barnehagar er allereie flinke til å samarbeide med lokalt næringsliv og andre organisasjonar, men kan dei gjere endå meir for at barn og unge skal bli betre kjende med heimplassen sin?

Vi som lokalavis har ei viktig oppgåve med å synleggjere og dokumentere aktivitet og alle moglegheitene som vi har i lokalsamfunnet vårt.

Arbeidsgjevarar, både private og offentlege, må gjere seg synlege og by på seg sjølv. Kanskje kan arbeidsgjevarar bli endå flinkare til å tilby sommarjobbar og praksisplassar? Kan vi samarbeide endå meir enn vi gjer i dag, på tvers av kommunegrenser, bedrifter og organisasjonar?

Nokon av dei som i femten år har brukt tid og krefter på å nettopp vise ungdommen alle moglegheitene ein har her heime, er eldsjelene i Aktiv Raudeberg. Komande veke arrangerer dei «Heim i haust», der dei blant anna arrangerer skulekonferansen «Kystens jobbmoglegheiter». Her vil 425 elevar frå lokale ungdomsskular og vidaregåande skular få høyre bedrifter og organisasjonar fortelje om kva moglegheiter ein har på heimebane.

Konferansen torsdag og fredag vert også sendt direkte på fjt.no.