– Om nokon seier at næringslivet i Måløy er kjedeleg veit dei ikkje kva dei pratar om, seier Elise Silden som er marketing assistant i Babord.

Ho var ein av føredragshaldarane saman med søster og lærar Camilla. I tillegg var yngste søster i flokken, Mette Silden, også til stades som påmeldt på arrangementet.

Her er Mette (f.v.), Elise og Camilla Silden samla. Foto: Måløy Vekst

Viste fram moglegheitene

Torsdag 5. oktober arrangerte Måløy Vekst Måløytreff i Bergen. Tanken er at vekstselskapet tar med seg lokale bedrifter til Bergen for å vise fram moglegheitene som finst i næringslivet og arbeidslivet i Måløy. Denne gangen hadde Måløy Vekst med seg Ervik havfiske-gruppa, Babord, Selstad, Kinn kommune og PwC.

– Ekstra kjekt var det at Kinn kommune stilte med to representantar, både kreftsjukepleiar Elise Sandvik og lærar Camilla Silden. Det er flott å få vist fram eit vidt spekter av moglegheiter, seier Seline Larsen som er kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst

Det var om lag 50 personar som møtte på arrangementet, som fann stad på Kulturhuset i Bergen. Foto: Måløy Vekst

Alle bedriftene som deltok har eit rekrutteringsbehov, men ikkje alle har lyst ut ledige stillingar.

– Ta opp telefonen og ring bedrifta du er interessert i, eller send ein e-post. Ein ting er sikkert, og det er at alle er interesserte i å snakke med dykk og ein bit ikkje i andre enden, oppmodar Marcus Vangberg, PwC Nordvest

Inkluderer nok ein by

Det var om lag 50 personar som møtte på arrangementet, som fann stad på Kulturhuset i Bergen. Her var det både måløyværingar og personar med tilknyting til Måløy, men også personar som hadde spesiell interesse for ei eller fleire av bedriftene som var til stades.

– Det er veldig kjekt å sjå at dei påmelde viser interesse for moglegheitene i Måløy, og vi oppfattar at måløytreffa fungerer svært godt for å komme i kontakt og halde kontakten særleg med måløyværingar som har flytta vekk for å studere, seier Larsen i Måløy Vekst.

Vekstselskapet er god fornøgde med oppslutnaden og korleis måløytreffa fungerer. Foto: Måløy vekst

Vekstselskapet er svært nøgde med gjennomføringa av arrangementet i Bergen, og dei har også hatt god erfaring med å arrangere Måløytreff i Ålesund. No tar dei med seg konseptet til Trondheim, truleg i løpet av november.

Marit Selstad i Selstad fortalde om mange spennande stillingar. Foto: Måløy vekst
Kreftsjukepleiar Elise Flataker Sandvik freista med gode vilkår i helse- og omsorgssektoren i Kinn kommune. Foto: Måløy vekst
Ervik havfiske-gruppa vil ha store behov for fleire tilsette i tida som kjemt kunne administrerande direktør Robert Ervik fortelje. Foto: Måløy vekst