Prosjektrådmann i Kinn kommune, Terje Heggheim, har skrive dette lesarinnlegget som eit svar på Geir Oldeide sitt lesarinnlegg:

«Kin(n)kige svar til del 2»

Om rammetilskotet

Det du skriv er rett.  Referansen til Telemarkforsking sine summar er også rette.  Eg har ingen grunn til å motseie deg på det.  Du legg dette til grunn og seier den ligg der som ein føresetnad.  Det kan du gjere, men du kan også legge den til grunn for ei politisk oppfølging.  Ei kommunereform som medfører reduserte inntekter på over 3,3 millionar kroner om 25 år er ikkje akkurat ei gulrot. Det ser alle.

Ingen kan sjå vekk frå det som fakta, men det er ikkje dermed sagt at det er hogd i stein for alltid.  Eg har so pass tru på at alle folkevalde, ikkje minst at partiet Raudt vil arbeide for rette opp urimelege skeivheiter som følgje av  ei gjennomført kommunesamanslåing.  Vi er heller ikkje åleine om dette.  Fleire kommunesamanslåingar tapar langt meir enn Kinn.  Eg trur vi vil få ei politisk mobilisering.

Om arbeidsgjevaravgifta

Du og mange andre tar for gitt at når Flora har høg sats, vil Kinn hamne i ei sone med høg sats. Fellesnemnda har lagt til grunn at ei samanslåing av Flora og Vågsøy, som er klassifisert ulikt, vil måtte medføre ei vurdering i høve til kva sone som er rett for den nye kommunen. Fellesnemnda har difor teke initiativ til å søke om notifisering til sone 2 då vi meiner å ha gode argument for at det vil vere rimeleg i ein overgangsperiode.

Dette er ein kamp vi må ta sjølve då slike saker gjerne blir avgjort på skjøn, og ingen kjenner argumenta betre enn oss. Korleis kan du Geir og Nei til Kinn med fleire vere så sikre på at Vågsøy held fram i sone 2? Det er ein føresetnad de ikkje har dekking for. Det er grunn til å minne om at det er skjøn som ligg bak Vågsøy si differensierte arbeidsgjevaravgift i dag. Vågsøy har nemleg eit folketal i høve til arealet som ligg langt over kravet. Dette forholdstalet blir ikkje betre av at Bryggja går ut.

Det betyr at skråsikre spådomar om differensiert arbeidsgjevaravgift for Vågsøy som sjølvstendig kommune må takast med ei stor klype salt. Ja, det kan godt hende som du skriv; at eg i redelighetens namn hadde sagt noko om kva som er sannsynleg. Då krev eg det same frå dei andre i debatten. Når du omtalar dette temaet skriv du ikkje eit ord om kva som har endra seg i Vågsøy og korleis dette kan spele inn i revideringa av ordninga. Ingen av oss kan vere sikre i denne saka, så lenge skjøn er avgjerande, men eg trur følgjande:  Det vil vere minst like stor sjanse for at Kinn får differensiert arbeidsgjevaravgift som at Vågsøy får det.

Kinn har delt kommunesenter og store reiseavstandar og skal gjennom ei monaleg reform. Eit nei til Kinn vil ikkje vere ein god søknad frå Vågsøy om å behalde differensiert arbeidsgjevaravgift når ein i utgangspunktet ikkje stettar krava. Kvifor var ikkje Bjarne Jensen inne på dette i sin mangelfulle rapport? Kvifor kjem ikkje Nei til Kinn inn på dette. Kvifor skriv ikkje du Geir om desse endra føresetnadane. Eg skal ikkje spekulere, men det er i alle fall ikkje opplysande. Kinn har søkt om at departementet bruker skjøn i saka. Det ville Vågsøy og måtte gjere om kommunen hadde valt sjølvstende. Kva i all verda skulle ein slik søknad bygge på om ein også takkar nei til reform? Eg vil samtidig understreke at Kinn sin klare ambisjon er å oppnå vekst både økonomisk og i folketal som gjer at ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blir overflødig for vår kommune.

Om lønsskilnaden

Det du skriv er rett.  No har eg eg ikkje talmateriale som kan gjere oss sikre på kva som er fakta.  At andre reknar og offentleggjer tal på dette, kan eg på ingen måte gå god for.  Vi arbeider med saka.  Eg må vere ærleg; dette kan bli ei krevjande øving.  Men vi skal løyse den!  Saman med arbeidstakarorganisasjonane må vi finne ein modell som gjer harmoniseringa økonomisk forsvarleg og dei tilsette må oppleve rettferd.  Ordninga vil koste, men nett no veit vi ikkje kor mykje.

Om lånegjelda

Det blir skapt eit bilete om at gjelda i Flora er så høg og at vi er så sårbare.  Her er fakta. Flora kommune har til ei kvar tid minimum 1/3 av si lånegjeld sikra til fast rente. På noverande tidspunkt er 45 prosent av lånegjelda sikra til fast rente, med ei rentebindingstid som variere mellom 1 og 10 år. I tillegg til sikring av rente er ein vesentleg  del av lånegjelda til Flora sjølvfinansierande, det vil sei at renter og avdrag vert finansiert av inntekter som kommunale avgifter innan VAR, rentekompensasjon frå Husbanken, husleigeinntekter, innbetalingar knytt til startlån samt ved overføringar frå dei kommunale føretaka som med anna Flora Hamn KF. Ved årsskifte 31.12.2017 var 46 prosent av lånegjelda til Flora kommune slik sjølvfinansierande lånegjeld.

Du skriv at Flora har forholdsvis høgre gjeld enn Vågsøy.  Er det rett?  Det handlar vel om kva du ser den i forhold til. Dersom du tar vekk den sjølvfinansierte gjelda har Flora 789 millionar i gjeld.  Vågsøy har 454 millionar (2017-tal).  Flora har då ei gjeld per innbyggar på 65.750 kroner.  Vågsøy har ei gjeld per innbyggar på 75.666 kroner.  Geir, det er nesten ti tusen kroner meir per innbyggar enn i Flora.  Flora kan investere for nærare 119 millionar før vi kjem opp på same nivå som Vågsøy.  Denne informasjonen med fleire økonomiske nøkkeltal finn de på Kinn si heimeside.  Meir materiale er under arbeid.  Det er også rett at både Flora og Vågsøy skal investere i tida som kjem.  Eg trur likevel ikkje at vi vil investere oss til fant.

Det er investeringane som utviklar oss og gjer oss meir attraktive.  Eg er sjølvsagt samd i at dette må skje på ein forsvarleg og ansvarleg måte.  Eit godt samarbeid mellom politikk og administrasjon i den nye kommunen skal sikre det.  Der håper eg Kinn Raudt tar del.