Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

Kin(n)kige spørsmål – del 2

Økonomi:

”Pengane rår”, seier ein ofte. Og meir enn ein gong har det vist seg å stemme. I kommunepolitikken som elles i samfunnet. Så korleis ser det ut når det gjeld økonomien framover – i og utanfor Kinn? Eg ser 4 viktige moment som vil/kan påverke dei økonomiske rammene veldig. Dei må vi sjå nærare på. Men først og for ordens skuld: Dei tilskot og overføringar vi får frå sentrale myndigheiter til sjølve samanslåingsprosessen med Flora vil eg halde heilt utanfor. Dei pengane er for å gjennomføre sjølve prosessen og har ikkje noko å gjere med den ordinære drifta.

Dette er den store pengepotten som i tillegg til skatteinntektene er dei pengane kommunen har til å bruke til det meste som skal betalast. Og korleis vil det gå med dei statlege overføringane dersom vi vel å gå i lag med Flora? Då vil dei to kommunane i følge Telemarksforskning sin rapport samla tape kr. 13,8 mill årleg. Nærare bestemt kr. 13 836 000. For å bøte på dette tapet har staten laga ei kompensasjonsordning (inndelingstilskotet). Dette skal vare i 15 år + ein 5 års nedtrappingsperiode. Tilskotet er på rundt kr 17,1 mill årleg. Altså eit pluss på nær 3,3 mill årleg. I 15 år. Deretter minkar det med 20% kvart år i 5 år. Etter 20 år er vi nede på 0 og dermed altså eit minus på kr 13,8 mill. kvart år etter dette.

Dette er fakta. Dette er ikkje synsing, dette er ikkje svartmaling, dette er ikkje draumar. Dette er dei nakne fakta slik vi veit dei i dag og i overskueleg framtid. Ting kan endre seg - og gjer det. Både til det verre og til det betre. Men dette er det vi veit.

Arbeidsgjevaravgifta:

Systemet med differensiert arbeidsgjevaravgift er kanskje det viktigaste distriktspolitiske verkemiddelet vi har i Norge. Dette systemet plasserer kommuner i alt frå 0% lengst i nord til 14,1% i dei mest sentrale kommunar i Sør-Norge. Vågsøy og Flora er i ulike soner for arbeidsgjevaravgift, henholdsvis 10,6% og 14,1%. Dersom den samla Kinn kommune fortset i same sone som Flora har vore vil det auke utgiftene med rundt 10 mill. årleg for Vågsøy samanlikna med slik vi har det no. Dette gjeld kommunen si drift, men i tillegg vil det verke inn på dei største bedriftene i kommunen som sjølvsagt også vil få auka utgifter som følgje av at ein får ein høgare sats på arbeidsgjevaravgifta. Dette er det liten usemje om. Det store spørsmålet her er om den nye Kinn kommune vil få Flora sin gamle sats eller ikkje? Finst der ein fasit på det? Og kven avgjer? Systemet blir revidert kvart 7. år og dermed får vi ikkje det endelege svaret før 1.1.2021. Norske sentrale styresmakter si avgjerd om dette må også godkjennast av EU pga EØS-avtalen.

Dei av oss som deltok på informasjonsmøtet fellesnemnda arrangerte på Raudeberg hugsar nok at prosjektrådmann Heggheim fekk spørsmål om nettopp dette. Hans svar var at dette måtte ein sjå heilt bort frå fordi ingen kunne vite kva svaret på dette ville bli ved neste revidering. Han hadde for så vidt rett i det. Det finst ingen fasit. Men eg skulle ønskt at han i redelighetens namn hadde sagt noko om kva som er sannsynleg. For det veit vi ein del om. Jan Tore Sanner har i brev gjort det klart at Kinn må forvente å havne i sone 1a (14,1%). Og Telmarksforskning skriv i sin rapport: ”Etter neste revisjon reknar vi i utgangspunktet med at ein eventuell samanslått kommune der Flora inngår, vert ”kategorisert” til sone 1a” (side 47 i rapporten). Og sist, men ikkje minst, no har Heggheim og fellesnemnda akseptert at dette er det sannsynlege utfallet og sendt søknad til departementet om å få unntak/sleppe å hamne i den kategorien. Eg legg til grunn at det sannsynlege utfallet er at Kinn vil hamne i kategori 1a og at det vil føre til ei forverringa på rundt 10 mill. årleg i høve dagens situasjon.

Lønnsskilnad:

Lånegjeld:

Flora har forholdsvis høgare gjeld enn Vågsøy. Men endå viktigare er det at Flora har vedteke å auke si gjeld forholdsvis mykje meir enn Vågsøy dei neste åra, altså fram til samanslåinga. Det vil føre til ei forverring for Vågsøy sin del. Det er eit faktum. Kor mykje dette vil utgjere er det derimot ikkje lett å gje fasitsvar på. Det er veldig avhengig av om lånerenta går opp, og kor mykje den går opp. Dette med lånegjelda vart også sterkt underkommunisert på det nemnde informasjonsmøtet på Raudeberg.

Desse 4 forholda gjer det heilt klart av Vågsøy vil komme klart dårlegare ut økonomisk ved å gå i lag med Flora i ei ny Kinn kommune. I tillegg til desse 4 vil også ei nødvendig utjamning av nivået på eigedomsskatten og den forholdsvis større auken i talet på eldre i Flora sannsynlegvis føre til ei auke i kostnadane for Vågsøy sin del, samanlikna med ei framtid som kommune åleine. Men det vil føre for langt å ta det i dette innlegget.

Samla sett er det all grunn til å stille det slik: Har vi i Vågsøy verkeleg råd til gå inn i Kinn kommune?

Neste innlegg vil m.a. ta opp om vi kan greie oss åleine i framtida?