«Vi møtest igjen på Malakoff!», var det nokon som sa i 2019. Då visste vi ikkje at vi måtte vente heilt til 2022 før vi igjen kunne møtest på ein fullskala festival igjen. For mange er Malakoff Rockfestival blitt eit årleg treffpunkt for vennegjengen. Ungdommane kjem heim att til Nordfjord i sommarferien, og då er møteplassen blitt rockefestivalen på eksersisplassen på Malakoff. Dette har blitt ein tradisjon som mange gler seg til. Og endeleg kan vi ta opp att den tradisjonen, etter tre år med korona.

Malakoff Rockfestival og andre festivalar betyr mykje for samhaldet. Vi menneske treng å vere saman og kjenne på ei tilhøyrsle. Det å kunne stå saman med tusenvis av andre menneske, lytte til den same musikken og ha ei felles oppleving gjer at vi kjenner oss som ein del av eit fellesskap. All ære til alle dei eldsjelene som legg ned mange dugnadstimar for at vi kan få den beste festivalopplevinga.

Festivalsjef for Malakoff Rockfestival, Arnt-Ivar Naustdal, seier til Fjordenes Tidende at det beste med heile førebuinga til festivalen er samarbeidet.

– Eg får jobbe saman med så mange utruleg kjekke folk, og no som vi ikkje har jobba saman på ei god stund er det ekstra artig å sjå kvarandre igjen. Eg har sakna det, seier festivalsjefen.

Gjensynet er nok eit høgdepunkt for mange. Både gjensyn med sjølve festivalen og alle menneska. Ein festival er eit samarbeid på fleire nivå. Arrangørane og artistane gjer sitt for ein vellukka festival, og vi som festivalgjester kan delta på dette samarbeidet med å ha det kjekt i lag og ta vare på kvarandre.

Samarbeidet er vidt, og rundt Malakoff Rockfestival står det eit heilt lokalsamfunn. Både næringsliv, kommune, politi, helsevesen, privatpersonar og frivillige organisasjonar har eit tett samarbeid med festivalen. Skal ein greie noko stort, er ein heilt avhengig av eit godt samarbeid.