Ny oppstart av kjøkkenet i Måløy

Etter å ha følgt kjøkkensaken i Kinn kommune må eg seie at det er utruleg kor denne har versert – stort sett ved å stå på «stedet hvil». Vedtak, nye vedtak, tidsfristar, nye tidsfristar, nye utrekningar, og nye diskusjonar om kva som skulle vore gjort. Dette har teke om lag eit heilt år.

Kjøkkenet i Måløy vart nedlagt for å spare pengar. Etter eit kort besøk i Måløy frå tidlegare kommunerådmann og leiar av Bordgleder, fekk dei tilsette på kjøkkenet kort tid etterpå, i neste møte, klar beskjed: Kjøkkenet skulle leggast ned! Det kan for meg verke som dei tilsette sine spørsmål/argument ikkje var av interesse, og heller ikkje vart lytta til. Slik eg ser det oppfatta dei tilsette det som om denne saka alt var avgjort.

Endå verre vart det: Det kan verke som om mange i kommunestyret også oppfatta dette mest som ei orienteringssak: «Her kunne det gjerast til dels store innsparingar ved å legge ned kjøkkenet i Måløy». Det vart difor ingen stor debatt slik dette vart referert frå tidlegare rådmann.

I ettertid har dette på ingen måte gått slik kommunestyret trudde på!

1. Det vart vesentleg dyrare med Bordgleder. Måløykjøkkenet produserte for ca. 130 kr/måltid og Bordgleder for ca. 175 kr/måltid. Men – kort tid etter vart prisen auka til ca. 195 kr/måltid. Inga innsparing.

2. Truleg mykje meir svinn av matsvinn og plast. På ingen måte eit klimavennleg, grønt tiltak. Bordgleder måtte sende maten slik at dei hadde nok for heile veka. Kjøkkenet i Måløy hadde alltid dagleg kontakt med Kulatoppen om kven som var borte, og dei tilpassa dette der og fekk derav mindre svinn.

3. Det har medført mange unødige misforståelser pga. lange kommandolinjer.

4. Dei tilsette måtte i tillegg bruke av si tid til oppvarming. Derav mindre pleietid. Dette har det vore reagert sterkt på – eit stort minus.

5. Slik eg forstår det, etter å ha snakka med 10-15 tilsette på Kulatoppen, har det vore vesentleg fleire klager på maten. Slik eg opppfatta dei var dette noko alle visste, men at det var vanskeleg for dei å seie noko om det. Ein kan truleg få meir innsyn i det eller dokumentasjon ved å kontakte Kulatoppen/snakke med tilsette.

Slik såg det ut på det tidlegare kommunale kjøkkenet i Måløy. Foto: Kjellrun Åsebø

Min konklusjon: Opplegget med Bordgleder er blitt både vesentleg dyrare - og vesentleg dårlegare enn då Måløykjøkkenet dreiv sjølve.

Rådmannen sitt noverande prioriterte forslag er:

Å produsere 5 dg/veke. 1 person i 100 prosent - og 2 stk i 75 prosent stilling. Her sparer han m.a. på tal årsverk. Dette fordi ein vil spare pengar og sleppe helgejobbing. Laurdag og søndag er forslaget at Bordgleder skal levere til Kulatoppen. Men Bordgleder er då på ingen måte ei innsparing! Vi kan ikkje bruke Bordgleder når målet er å spare pengar. Dei har aldri kunne levere til konkurrerande prisar i Måløy. Vi har tilspurt Matvarehuset i Bergen om å få eit tilbod som dei kan halde.

Ifølge leiar for Foodservice ved Matvarehuset, kan dei levere direkte på Kulatoppen, inklusiv frakt, til kr. 80 per måltid.

Slik dei formulerer seg tilbyr dei: +- 80 kroner per porsjon ekskl. moms og inkludert frakt for standard normalkost i 3-4 porsjonspakkar. Eventuell spesialkost har eigne prisar, og dei kan komme tilbake med pris på kolonialvarer.

Om nokon vil sjå tilbod og meny, har eg dette på e-post, eller ein kan gå inn på nettsida til Matvarehuset.

Dette er ei vesentleg innsparing, langt under det Bordgleder kan klare – faktisk langt lågare enn det Bordgleder sine «pressa priser» har lege på tidlegare!

I tillegg meiner eg dette på alle måtar er eit betre og meir variert tilbod.

Eg (og mange med meg) forventar at kommunestyret i Kinn no går for ei slik løysing.

Skal det sparast må det gjerast så det monnar!

De kan sjølve rekne ut kva dette vil utgjere. Høgresida i politikken, Høgre og Frp, vil vel ta i mot ei slik innsparing med opne armar? Ein slik gåvepakke for innsparing!

NB! Eg vil til slutt skryte av representantane frå Raudt som heile tida har stilt gode spørsmål, og kjempa for at kjøkkenet skal oppstartast igjen som det var tidlegare – med 7 dg/veke.