Er din skule i fare?

Ap vil legge ned skula(r) i kommande periode. Har dei sagt det sjølve? Det har dei ikkje, men dei kritiserer andre parti som for eksempel Raudt for å ville halde på dei skulane vi har. «Kor skal vi finne pengar til det som trengs dersom vi ikkje er villige til å sjå på skulestrukturen (les: legge ned skular)?», gjentek Teigen gong på gong.

Derfor må alle forstå at Ap vil legge ned minst éin, kanskje fleire skular dei neste åra. Det er eit ærleg standpunkt å meine at dette må til, men då må også Ap vere ærlege om kva skular som skal vekk. Og det må skje no, før valet.

Er det Raudeberg med 100 elevar som skal til pers? Skavøypoll med godt over 100? Eller er i det i Florø-området? Stavang skule blei berga mot Ap sin vilje i fjor. Den står lagleg til for hogg igjen, men det vil ikkje vere nok dersom ein legg til grunn Teigen sine uttalelser. Er det då Torvmyrane eller Krokane som dør? Eller Eikefjord ungdomsskule?

«Skulane våre skal vere ein trygg arena for meistring, trivsel og utvikling for alle» skreiv Teigen i eit lesarinnlegg nyleg. Men er det noko som skaper meir utryggheit enn å ha nedleggingsspøkelset hengande over seg i år etter år? Både for elevar, foreldre og lærarar. Innbyggarane må få vite før dei stemmer: Kva skular vil Ap legge ned i Kinn?