Ope brev til folkevalde i Stad kommune

Bryggja Sanitetsforening reagerer sterkt på forslaget om å legge ned Bryggja Omsorgssenter. BOS.

BOS har sidan 1958 vore ein trygg og god heim for dei som treng stell og tilsyn og derfor ikkje kan bu i eigen heim. Det har vore nærleik til pårørande.

Lag og organisasjonar har i alle år hatt faste tilbod og aktivitetar til bebuarane på BOS. Til dømes Laurdagskafé, handlevogn, songstunder, bingo, sittedans og julefest. Det er kjentfolk frå bygda som er med på desse tilboda. Kva er betre enn å få besøk av nokon ein kjenner frå før og kan slå av den gode praten, få vite litt nytt frå bygda og so vidare? Vi ser dette som vanskeleg viss det blir flytting. Kva då med tilhøyring og nærleik?

Dagsenteret står nemnd i sakspapira. Dagsenteret på BOS vart nedlagt og flytta til Måløy for ca. 15 år sidan.

Vi kjenner oss ikkje igjen når det gjeld ledige plassar siste året. Auken i ledige rom kom vel først i august/september. Då ved flytting til sjukeheim eller dødsfall.

Kva med dei tilsette? Kor mange av dei vil eventuelt vere med «på lasset» når dei skal ha base på Nordfjordeid? Kva med responstid på alarm?

Dette er berre nokre av våre tankar når det gjeld nedleggingsforslaget frå administrasjonen i Stad kommune.

BOS vart påbygd og totalrenovert i 2005. Vedlikehald, særleg utvendig er ei sak for seg. Innvendige «leilegheiter» og fellesareal har god standard.

Vi ber politikarane i Stad Kommune ta budsjettkuttet på andre område. Ikkje la dei som treng tryggleik og nærleik til sitt vande miljø verte salderingspost på budsjettet!