Svar om tilbodet til Silda

Signe Gangsøy og Gerda Silden Totland frå Silda Velforening stiller i eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidende ei rekkje spørsmål om tilbodet til Silda frametter. Vi har forståing for at endringar i eit viktig tilbod medfører spørsmål og uvisse, og vil søkje å svare på spørsmåla frå Gangsøy og Totland.

Innleiingsvis kan det likevel vere på sin plass å understreke at Skyss er ei fylkeskommunal eining som mellom anna har ansvar for å planlegge rutetilbodet, og for å tildele kontraktar for køyring av båtar og ferjer. Når slike skal tildelast er vi underlagt lov om offentlege anskaffingar. Det inneber at vi skal søke å oppnå konkurranse i marknaden, og det medfører mellom anna at vi ikkje utan vidare kan gå direkte til ein tilbydar og kjøpe ei teneste. Det er derimot vår oppgåve å stille vilkår i konkurransen, for å oppnå tilfredsstillande rutetilbod, tilfredsstillande kvalitet og riktig pris. Når det gjeld ruta til Silda skal for øvrig rutetilbodet vere som i dag; rett nok vert to avgangar frå Silda flytta fem minutt seinare.

Norled er på si side ein operatør, altså eitt av selskapa vi kjøper transporttenester frå. Dei har vunne konkurransen om å drive ei rekke lokale båtruter i Sogn og Fjordane, inklusive ruta som går til Silda.

Som Skyss tidlegare har gjort greie for, er det i den nye kontrakten satt eit lågare krav til passasjertal enn det som tidlegare vart gjort på dette sambandet. Det er ei endring som er gjort etter vurdering av behovet. Kravet er no at det skal vere plass til 19 passasjerar på denne ruta, at det skal vere kran med kapasitet til 800 kilogram, og at det skal vere fire kvadratmeter til plassering av last på dekk.

Kva fartøy som faktisk vert nytta i ei rute er opp til operatøren, men desse krava må stettast. Norled har meldt at det er «MS Sea Service» som skal brukast til Silda. «MS Sea Service» har vore nytta som rutebåt, ambulansebåt og losbåt i Florø / Bremanger i tjue år, også under svært krevjande vêrtilhøve. Det er elles også Norled, som operatør, som er ansvarleg for at fartøy i ruta passar til kaiene, og for at av- og påstiging skal kunne skje på ein trygg og sikker måte. «MS Sea Service» har ikkje bauglem, men sideportar på to nivå.

Når det gjeld bemanning, er det Sjøfartsdirektoratet som definerer kva som er forsvarleg bemanning. Norled bemanner i tråd med desse krava.

Gangsøy og Totland spør også om beredskap ved kritiske vêrtilhøve. Skyss har i kontrakten stilt krav om drift i alle normale vêrtilhøve, og føreset at Norled leverer eit fartøy som fungerer i ruta. Ein må likevel pårekne innstillingar ved særs krevjande vêr, som andre stader langs kysten.

Kriseberedskap ved til dømes stenging av Måløybrua er det ikkje Skyss som svarer for, og beredskapsoppdrag er verken ein del av den nye kontrakta eller av dagens kontrakt på denne ruta.