Ja, det betyr noko om Skram skole vert starta bygd i 2023 eller 2025

I eit innlegg i Fjordenes Tidende prøver Ap og KrF å framstille det som at det ikkje spelar nokon rolle om ein byggjer Skram skole med byggestart i 2023, slik Høgre og Frp fekk fleirtal for i formannskapet, eller om ein har byggestart i 2025, slik den nye «opposisjonen» frå Ap og KrF foreslo. Men det kan eg love Ap og KrF, det betyr noko.

For dei 25-30 førsteklassingane som tek til på første skuledag i august 2025, så betyr det at dei får starte skulegangen sin i eit samla opplæringsmiljø saman med dei andre elevane i Måløy. Tilsvarande betyr det at dei 25-30 sjuandeklassingane som tek til på sitt siste år på barneskulen hausten 2025, får høve til å oppleve eit år i ein ny og moderne skule, etter å ha gått i fem år på ein brakkeskule. For foreldra til dei rundt 200 elevane som kvar dag må komme seg fram i trafikkfarlege måløygater for å komme seg på bussen til fastlandet, så betyr det eit år mindre bekymring for at nokon av elevane skal bli utsett for ei trafikkulukke.

Så ja KrF og Ap, det betyr noko, for svært mange, kor tid vi kjem i gang med bygginga av Skram skole. Men det betyr og veldig mykje meir, noko som Ap og KrF burde være meir oppteken av en det ser ut til at dei er, nemleg tillit, attraktivitet og bulyst.

Det seiast at eit attraktivt samfunn kjenneteiknast av stor tillit i samfunnet. Tillit til det offentlege tenestetilbodet, tillit mellom politikarane og innbyggjarane. Den tilliten har spesielt Ap brukt store delar av perioden sidan vi vart Kinn til å prøve å bryte ned. Stadige brotne politiske samarbeid, brotne politiske løfter, og trenering av viktige avgjersler.

Ap har i mange år lova at Skram skole skal byggast, i like mange år har dei brote løftet. Og no, når vi har eit ferdig prosjekt, basert på fleire politiske vedtak, så ynskjer Ap å ha ei ny utgreiing, nye vurderingar, nye planprosessar, nye politiske vedtak, og ny utsetting. For folk på kysten som har følgt med prosessen med korleis Stad skipstunnel til stadigheit har vorte utsett med vedtak om nye utgreiingar, så er strategien til Ap ganske lett å gjennomskode.

Når Ap i tillegg forskoterer nedlegging av skulen på Raudeberg, eit heilt år før kommunestyret skal få ein samla overordna plan for skulestrukturen i kommunen til handsaming, og legg det inn som ein føresetnad for å realisere Skram skole, så er det ei oppskrift på meir bråk, uro og brotne politiske løfter.

Skal vi verte kraftsenteret på kysten, som Ap ved fleire høve har fronta, så treng vi attraktive tilbod, trivsel og attraktivitet for den oppveksande generasjonen og deira foreldre. Vi må framstå som ein kommune som er oppteken av å gje ungane våre gode oppvekstvilkår, vi må gjere det attraktivt for nye barnefamiliar å busette seg i kommunen vår, og mest av alt så treng vi politikarar og politiske vedtak som innbyggjarane kan ha tillit til at vert følgt opp.

Eg forstår at det var bittert for Ap å hamne i «opposisjon» i formannskapet, og at dei difor har stort behov for å angripe dei som faktisk tek ansvar for å utarbeide eit budsjett som oppfyller dei politiske løfta eit stort sett samla politisk miljø tidlegare har stått bak.

Men kanskje burde heller Ap tenke litt meir gjennom korleis dei kan bidra til å auke bulysta, attraktiviteten og ikkje minst tilliten i kommunen vår, heller enn å kritisere dei som prøver å gjere noko med det.