Fleire episodar med mobbing, krenkande åtferd og skadeverk der barn og unge samlast på fritida krev handling frå vaksne. Kvifor har det blitt slik? Kva kan vi gjere for å løyse det?

I Måløy har det blitt gjort fleire hærverk på både bilar og bygningar. Noko av dette er oppklart, og barna som har gjort det får oppfølging av politiet saman med føresette. Politikontakt i Kinn fortel om fleire uheldige episodar med mobbing og krenkande åtferd der barna samlast på fritida. Politiet oppmodar føresette om å snakke med barna sine om haldningar til mobbing og skadeverk på andre sine eigendelar

Det er flott at barn og unge møtast ute, og kan finne på kjekke aktivitetar saman. Barn har godt av å vere saman i aktivitetar dei styrer sjølv, og ikkje berre det som er organisert og leia av vaksne. Det er ein del av utviklinga og læringa barna skal gjennom i oppveksten. Men ikkje alle aktivitetar er like bra. Når det blir mobbing, skadeverk og krenkande åtferd, treng barna hjelp og rettleiing frå vaksne. Politiet oppmodar føresette om å vere til stades på dei områda barna samlast på fritida. Dette er eit ansvar som føresette ta, slik at dei kan hjelpe barna til å ta betre val.

Når det skjer noko som ikkje er bra, leitar ein ofte etter syndebukkar. Kanskje skal ein heller tenkje litt på kvifor det har blitt slik, og kva ein kan gjere for unngå problemet. Når ein skal vere kreativ og finne på noko saman, kan det destruktive vere lett å ty til om ein ikkje har andre spennande aktivitetar tilgjengeleg.

Dei vaksne har eit ansvar for å legge til rette for at barna kan ha det trygt og godt også på fritida. Den beste måten å finne ut av problema på er nok ein dialog mellom vaksne og barn, slik som politiet etterlyser. I dialogen må føresette, kommunen og politiet også hugse å lytte til barna. Skal ein løyse problema med skadeverk og mobbing, må dei vaksne ta barna med på råd.