Gjenbruksstasjonar og litt til

Eg ser at dette blir ei stor sak i lokalpolitikken og vil gjerne dele nokre tankar om dette.

Historikk: Eg er så gamal at eg hugsar korleis renovasjonen vart løyst i Eid kommune kring 1950-talet med avfallstipp i Svora, der alt etter kvart hamna i sjøen. Det var ingen organisering eller sortering av kva som kunne kastast, men kommunen hadde ein person som hadde ansvar for vedlikehald tipp-plassen. Dette mottaket eksisterte fram til 1. januar 1985.

Kring 1986 kom det eit mottak vest for Klenkarberget på Haugen. Der vart det greve opp ei hole som innbyggarane og bedriftene i Eid kunne deponere sitt grovavfall. Heller ikkje der var det mottakskontroll. Byggematerial, vedomnar, bilbatteri, plastavfall frå båtproduksjon, rustfritt stål frå moderniseringsarbeid ved Vestlandske slakteri og Nor meieri vart og dumpa der og ei stasjonær gravemaskin jamna og molda alt ned.

Ut på 1990-talet fekk Eid kommune etablert eit organisert mottak med kjeldesortering i Leivdalsmona og deretter, slik vi kjenner det, Haugen gjenbruksstasjon.

I mellomtida innførte Eid kommune tvungen renovasjon av hushaldningsavfall sentralt på Eid omkring 1958, deretter heile kommunen i 1962. Dette fekk ein del motbør frå enkelte som danna «folkeaksjonen mot boss».

Hushaldningsavfallet vart i ein periode frå kring 1989 -1998 frakta til Ivahola i Gloppen. Seinare har det interkommunale selskapet NoMil teke over ordninga med deponering av matavfall i Kaupanger.

Resurssituasjonen i verda, med eit forbruk større enn det kloden produserer, har medført auka merksemd på vårt forbruk globalt og nasjonalt. Krav om auka holdbarheit til produkt, moglegheit for reparasjon, tilrettelegging for ombruk, gjenbruk og attvinning av material er strategiar som truleg kjem. Desse krava trur eg vil bli nedfelt i nasjonale forskrifter som vil regulere korleis avfall skal få auka verdi gjennom eit godt organisert avfallsmottak.

Regjeringa Solberg fremja i 2021 «Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi». Denne strategien legg opp til å etterkome desse krava som og er ein del av EU sine framtidige strategiar.

Strategien omtalar mellom anna dette på side 15: Dei årlege avfallsmengdene kan auke med opptil 70 prosent før 2050. Utvinninga og opparbeidinga av naturressursar har auka kraftig dei siste 20 åra og står ansvarleg for meir enn 90 prosent av tapet av biologisk mangfald.

Debatten om gjenbruksstasjonane i Stad/Kinn-Vågsøy må ikkje berre ha fokus på avstand til sentralt mottak i regionen ytre Nordfjord. Det må i debatten leggast vekt på framtidige krav til mottakskontroll, tilrettelegging for reduksjon av avfallsmengdene og vårt kraftige forbruk av naturresursar.

Det kan vurderast om til dømes NoMil kan utvide rutene for transport av eksempelvis rundballeplast, trevirke, møblar og anna til eit sentralt mottak.