Maskiner som kan tenke?

«Det er nok langt fram til det kan skje», seier Inga Strümke i boka «Maskiner som tenker», Kagge Forlag, 3, opplag 2023.

Denne boka vil nok mange studere der forattaren steg for steg fortel om algoritmene sine løyndomar og vegen fram til kunstig intelligens (AI) og kanskje ein gong til generell kunstig intelligens (AGI), som kan samanliknast med den vi menneske har.

På 1980-talet ein gong møtte eg som lærar i ungdomsskulen mi første datamaskin. Det var ein ZX Spectrum, eit lite vidunder med tastatur og med ein miniskrivar med papirrull lik ei gamal reknemaskin. Skjermen var ein eldre TV. Eg var blant dei lærarane som kasta seg over den første EDB-utdanninga ved Høgskulen i Sogndal. Vi lærte m.a. å programmere i Basic og Pascal. EDB-valfaget vi starta etterpå, vart så populært at vi måtte legge ned friluftsliv valfag ved Svelgen skule. Ei ny tid kom inn skuledøra.

Elevane lærte og litt basic-programmering. Vi hadde ei lita lærebok om EDB og samfunn – om ny teknologi på godt og vondt. Spanande år for oss alle. Vi visste enno lite om i kor stor grad elektronisk databehandling etter kvart ville gripe inn i liva våre. Internett var enno ukjent. Mobiltelefonen langt der framme. Men etter få år kom TIKI-maskinene inn i skulen – med ferdig «pedagogisk» programvare. Programmering vart då eit tilbakelagt stadium for oss – og bra var vel det.

Inga Strümke fortel på ein svært godt og grundig måte om både den spanande bakgrunnshistoria for dagens (svært så enerigkrevjande) datasituasjon, om alle små og store stega fram til det digitale samfunnet vi har i dag og om alle utfordringar vi som samfunn og privatpersonar står midt opp i og ikkje minst har foran oss.

Eg hugsar sjølv tidleg i dataalderen, i holkortalderen, at eg fekk gjentekne innbetalingsblankettar i posten frå eit forsikringsselskap, purringar, sjølv om eg hadde betalt bilforsikringa. I fasttelefonen fekk eg av kontoristen høyre at det var edb-maskina som var ansvarleg for feilen. Purringane heldt fram å komme. Då skreiv eg eit brev til adm.dir. i selskapet med tittel «Errare datamaskinum est» (det er datamaskinsk å feile). Men er det ikkje dei som har laga programmet som styrer maskina dykkar som spyr ut purringar, som er ansvarlege, spurte eg.

Eg fekk eg eit hyggjeleg svar tilbake frå direktøren, med tittel «Errare humanum est», (det er menneskeleg å feile). Sjefen forsto. Og for tort og svie, gav han meg tilbake halvparten av forsikringspremien.

I dag er dette med AI-etikk og kor ansvaret ligg eit svært viktig område. For kven har ansvaret for det ei datamaskin gjer eller skal gjere for oss? Etisk god kunstig intelligens er og ei enorm utfordring, for kan vi eigentleg lære slike AI-er å handle etisk og berre til det beste for oss? Strümke dreg elegant fram utfordringane med å få til dette. AI skal vere oss til nytte og glede og ikkje skade oss – eller i verste fall kome til å utrydde oss. Vi ser alt dronene sine gjerningar i krig.

Sjølv har eg og prøvde AI-en ChatGPT. Eg skreiv t.d. inn eit ønske om ei teneste: Skriv ei novelle med det og det teamet/innhaldet. Sekunder etterpå var den på skjermen og slettes ikkje dårleg skrive heller. Eg var både lei meg og frustrert, då eg veit kor krevjande det er å skrive ei novelle sjølv. Men eg har ein bil som er full av AI eg set pris på og ei fantastisk AI-aktig telefonmaskin sjølvsagt der mykje av det eg gjer vert registrert, analysert og sendt attende som tilpassa reklame etc. Overvaka vert vi.

Vi vil difor snarast mogeleg trenge, ja, må krevje å få, eit nasjonalt og overnasjonalt lovverk for å styre AI-utviklinga. EU-ligg her i forkant globalt med sin AI-ACT, men utallige lobbyistar jobbar der og aktivt imot strengare regulering, skriv Strümke som m.a. forskar på AI ved NTNU.

Det er viktig, meiner eg, at vi alle, eldre som unge, arbeidstakarar ikkje minst, får langt betre kunnskap om dei (t.d. manipulative) utfordringane vi dagleg og stadig oftare framover vil stå overfor som følge av AI. Programmerarar bør ha eit etisk sertifikat. For AI vil forandre liva våre, spesielt gjeld det dei som i dag er unge. Mange yrkesaktive vil møte store endringar i det daglege og ikkje minst i yrkeslivet framover, der AI-robotar alt no tek jobbar, og dei vil gjere det i stadig større grad, jfr t.d. streikane i Hollywood. Eit paradigmeskifte er på veg. Men vi må ha demokratisk kontroll.

Strümke minner oss om kva avdøde professor Stephen Hawking sa: AI kjem til å verte det beste eller det verste som har hendt menneskeheita.

Det er heldigvis svært langt fram til ei maskin har generell intelligens og får eige medvit som vi menneske har. Det er i alle fall eg glad for.