Lærdommar på gledens dag

Kjøkkenet i Måløy er oppe og går igjen. Eg og mange med meg er veldig letta og glad. Det har vore ein seig kamp og mykje frustrasjon undervegs. Men når enden er god ... og så vidare. Kan vi trekke noko lærdommar av saka? Eg syns vi bør det.

Lærdom nr. 1: Det nyttar å engasjere seg å kjempe. Vi i Raudt har kjempa frå dag 1. Vi gjekk imot å legge kjøkkenet ned og vi kjempa for å retta opp igjen feilen då fleirtalet i kommunestyret la ned kjøkkenet. Men vi når sjeldan fram åleine. Det er når mange folk utanfor kommunestyret engasjerer seg og seier klart frå, det er då krafta til endring kjem. Så utan det veldige engasjementet frå tillitsvalde, pårørande og alle andre så hadde neppe kommunestyret snudd i saka.

Geir Oldeide (Raudt) Foto: Marianne S. Rotihaug

Lærdom nr. 2: Vi må vere på vakt og kjempe vidare. Den løysinga vi har fått er ikkje like god som den vi hadde. Det er leit at våre eldre skal få fersk laga mat på kvardagane, men må ta til takke med oppvarma mat i helgane. Vi trur dette både er ei dårlegare og dyrare løysing enn viss det nye kjøkkenet hadde produsert fersk mat heile veka.

Lærdom nr. 3: Mange harde ord er blitt brukt i denne kampen. Kan vi alle sjå tilbake på det vi har sagt og skrive undervegs? Står vi for inne for alt vi har sagt og skrive? Eg vil i alle fall gje ros til dei som til slutt tok til vit, som det heiter. Altfor ofte får ein inntrykk av at det går prestisje i vanskelege saker og at folk låser seg fast i standpunkta sine. Takk for at det ikkje skjedde her!

Eg håper vi no har fått ei løysing vi kan leve med. Men at vi også kan sjå på drifta etter kvart, om det er mogeleg å få 7 dagar i veka fersk mat utan at det vert dyrare.