Svaret er ja

Lesarinnlegget er eit svar på Kjell Oldeide, leiar i Raudt Sogn og Fjordane, sitt innlegg: «Ope brev til Alfred Bjørlo. Norge må anerkjenne Palestina som eigen stat».

Kjell Oldeide spør meg i eit innlegg i Fjordenes Tidende 9/11 om Venstre i Stortinget 14/11 vil røyste for partiet Raudt sitt framlegg om å anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat, eit framlegg med følgjande ordlyd: «Stortinget ber regjeringen foreberede anerkjennelsen av Palestina som egen stat.»

Svaret på Kjell Oldeide sitt spørsmål er ja.

Lidingane vi ser i Gaza blir berre meir grufulle for kvar dag som går. 10.000 palestinarar har mista livet, og dei humanitære forholda på Gaza-stripa er hjarteskjerande. Kvart tiande minutt er det no eit barn som døyr i Gaza.

Det er helt frykteleg å vere vitne til, også for oss i vårt fredelege land i nord. Ei våpenkvile er langt på overtid og må på plass no.

Venstre har sidan Hamas sitt grufulle terrorangrep mot Israel 7. oktober vore tydeleg på følgjande:

– Vi fordømmer Hamas sitt terrorangrep på det sterkaste. Hamas må utan opphald frigi gislane dei har tatt.

Israel har rett til å slå tilbake mot Hamas, men Israel driv no med kollektiv avstraffing mot ei sivilbefolkning og bryt folkeretten. Det fordømmer vi på det sterkaste, og no må vi gjere det vi kan for å stanse den humanitære katastrofen som utspelar seg på Gaza

Målet om ei tostatsløysing med eit fritt og sjølvstendig Palestina må ligge fast.

At Palestina skal anerkjennast som ein sjølvstendig stat står i Venstre sitt partiprogram òg, som Kjell Oldeide korrekt påpeiker, i våre merknader til saka som skal voterast over i Stortinget 14/11.

Venstre gjekk i innstillinga for nokre veker sidan ikkje inn i Raudt sitt framlegg til vedtak, blant anna fordi vi ville vente til ein planlagt diskusjon i partiet var gjennomført og fordi eit anerkjenningsvedtak om Palestina som stat berre kan gjerast éin gong. Det vedtaket bør dermed fattast på eit tidspunkt der det vil bidra best mogleg til ei politisk løysing på konflikten.

Etter dette har vi debattert spørsmålet i Venstre sine partiorgan (landsstyret og stortingsgruppa), og landa på at vi vil røyste for framlegget – sidan det ikkje er eit framlegg som handlar om å anerkjenne Palestina her og no – men om å førebu at det kan gjerast i framtida.

Ei tostatsløysing må framleis vere målet for norsk Midtausten-politikk. Vi treng ei løysing med brei støtte i regionen og verda, der både israelarar og palestinarar kan leve i fred med internasjonalt anerkjende grenser.

Men akkurat no trur eg også Kjell Oldeide, eg og alle andre kan vere samde om følgande: Det aller viktigaste akkurat no, er å få slutt på den humanitære katastrofen på Gaza, der born døyr i krig i tusental. Der må Noreg stå samla.

Og så må gjerne Kjell Oldeide utfordre dei andre stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane på same måte som han prisverdig utfordra meg.