Kva vil ordførar Teigen? Svar frå Geir Oldeide, Raudt

I eit innlegg i Firdaposten og Fjordenes Tidende prøver ordføraren å forklare kvifor han er kritisk til den kommande prosessen kommunen vår skal inn i. Eller er det verkeleg det, han prøver på? Innlegget inneheld så mange utsegner i «hytt og gevær» at det er litt vanskeleg å gripe heilt. La oss sjå på nokre av dei:

Han startar med å slå fast at Kinn vart til på «lovleg vis». Er det nokon som har hevda noko anna? Insinuerer ordføraren det? Og finst det overhovudet noko tilfelle der ein kommune kan bli til på ulovleg vis?

Vidare skriv han at ein har snakka om eit demokratisk underskot. Og at kritikken er at kommunestyret i Vågsøy ikkje lytta nok til innbyggarane før vedtak om samanslåing med Flora. «Demokratisk underskot» er nytale og berre eit anna ord for at folket i Vågsøy vart overkøyrd av eit lite politisk fleirtal med Ap i spissen. Er Teigen einig i at dette aldri burde ha skjedd? At ein burde ha lytta til folket i staden? Det seier i alle fall Ap no at dei har tenkt å gjere når folket no skal spørjast til råds. Det har både leiaren i Kinn Ap og gruppeleiaren i kommunestyregruppa uttalt i media. Er Teigen på lag med desse eller vil han gå sin eigen veg? Var det kanskje rett å køyre over folket i Vågsøy den gongen, men feil å gjere det no?

Eller skal vi kanskje forstå Teigen slik no at han ikkje vil at folket skal få uttale seg i det heile tatt? Mykje tyder på at innbyggarane sin motstand mot Kinn, og ønske om å dele opp att, har auka på desse åra folk har fått erfare korleis dette har utvikla seg. Det er lett å forstå at Teigen helst ser at dette ikkje blir for synleg. Men demokratisk er vel ikkje ein merkelapp dei fleste vil sette på ei slik innstilling.

Så gjer Teigen eit nummer av at Hurdalsplattforma ikkje gjeld deling, berre samanslåing. Korleis skal vi forstå dette, Teigen? Dersom Kinn kommunestyre skulle lande på ein konklusjon om at ein ønsker å dele opp igjen Kinn kommune, så er det heilt greitt for ordføraren om den Ap-leia regjeringa skulle køyre over med tvang det vedtaket som Kinn kommunestyre (med støtte i eigen befolkning) hadde fatta? I Hurdalsplattforma står det m.a. følgande: «Tiden for overkjøring av lokalsamfunn er over». Det sannsynlege er difor at regjeringa vil følge det lokale sjølstyret og innvilge ein slik søknad frå Kinn kommune om den skulle komme. Det var dei lokale kommunestyrevedtaka som var hovudgrunnen til at Kinn i si tid vart danna. Og det vil også vere det som blir hovedgrunnen til ei eventuell deling av Kinn.

Så hevdar Teigen at det er underkommunisert (av kven?) at det er staten som bestemmer kommunegrensene. Eg kjenner ingen som har hevda noko anna. Kven siktar du til, Teigen?

«Stortinget har ingen tradisjon for å dele kommunar etter to års drift». Er dette liksom eit argument? Teigen veit vel at det er regjeringa – ikkje Stortinget – som skal avgjere delingsspørsmålet jmfr Inndelingslova sin § 5? Og han veit i alle fall at det ikkje finst nokon tradisjon i verken den eine eller den andre retning i Stortinget for dette. Av den enkle grunn at ein har ingen praksis å vise til etter at Inndelingslova vart vedteken i 2001. Dette fekk vi god informasjon om av Statsforvaltaren i Vestland i kommunestyremøte 10. desember i fjor.

På slutten av innlegg sitt kjem Teigen til det vi står overfor no. Vi skal få gjennomført ein prosess med utgreiing. Deretter er det stort fleirtal i kommunestyret for at folket må få seie si meining om den vidare framtida for Kinn. Alle parti, eg gjentek: alle parti, er einige om at vi har svært stramme tidsrammer for gjennomføring av denne prosessen. Men eg opplever det slik at ingen av partia vil setje seg  imot å gjennomføre den. Eg må be om bekrefting frå ordføraren på at han vil gjennomføre kommunestyret sin vilje slik den måtte framkomme gjennom vedtak, uansett om Teigen skulle meine det er aldri så uforsvarleg.