Menneske har vel alltid hatt eit behov for å sette spor etter seg. Det er fleire måtar å sette spor etter seg. Dessverre er det ikkje alle spor som er like godt gjennomtenkt. Nokre spor er direkte tankelause, totalt meiningslause og øydeleggande.

Sist helg hende det igjen. Nokon hadde igjen køyrt bil rundt på Klenkarberget stadion, heimebana til Haugen idrettslag i Stad. Sidan 2012 har denne bana til Haugen idrettslag blitt øydelagt av bilar heile sju gongar. Kvar gong med djupe spor og store øydeleggingar av det som av fleire har blitt omtala som ei av dei beste grasbanene i Nordfjord.

Vi forstår godt frustrasjonen til banemeisteren på Klenkarberget stadion og resten av bygda når dette skjer gong på gong. Dei tykkjer at slike pøbelstrekar gjer det ekstra fortvilande når ein berre prøver å legge til rette for at bygdas fotballag har gode forhold.

– Altså det held no. No må folk begynne å bruke hovudet sitt, om dei har eit, seier banemeisteren til Fjordenes Tidende.

Det viser seg at ikkje alle har hovudet med seg, og det går dessverre ut over fellesskapen. Av og til er det ikkje berre tankeløyse. Det er rett og slett svært dumme handlingar som er gjort med vilje, og har til hensikt å berre øydelegge for andre.

Nokre øydeleggingar kan heller ikkje reparerast. Markeringsbehovet og dumskapen kan gå så langt at fleire tusen år gamle kulturminne blir øydelagde for all framtid. Det var tilfelle då nokon tidlegare i år rissa inn ein penis over 6.000 år gamle helleristningar i Ausevika i Kinn.

Om ein vil sette spor etter seg, må ein finne noko positivt som gagnar resten av verda. I staden for å øydelegge noko, kan ein heller bruke energien på å bygge noko eller gjere noko som er til glede for andre. Då har ein sett positive spor etter seg, som også står seg endå betre for ettertida.