Ja til naturperla Holmaneset

Eg er glad for å høyre at det ikkje vert vindkraftutbygging på Bremangerlandet. To vindkraftverk i kommunen er nok.

No gjeld saka Holmanes-utbygginga der det er lagt fram ein plan om å etablere ein hydrogen-/ammoniakkfabrikk i Nordgulen. Denne planen går Bremanger SV imot.

Det er mange grunnar til dette, grunnar som folk både i Svelgen og folk på andre sida av fjorden og har gitt klart uttrykk for i media, men og andre innbyggjarar. Det handlar om både tryggleiken for folk, nye store naturinngrep i området og energibruken. Til ein slik fabrikk må det eventuelt finnast ein annan lokalitet.

Eg registrerer og at dette gigantprosjektet ser ut til å uroe Elkem og mange tilsette der.

La difor Holmaneset vere den naturperla det er som friluftsområde med fuglereservatet Tennøya like i nærleiken.