Det er blitt ei kjend sak at Fortescue Future Industries (FFI) først ønska seg ein lokalitet i Ålfoten og at det var Bremanger kommune som foreslo Holmaneset som ein spesielt eigna lokalisasjon for eit storulykkeanlegg. Eg undrar meg difor noko over geografikunnskapane til kommunen, då Holmaneset ligg like ved Tennøyane naturreservat. Føremålet med vernet av Tennøyane er å «gje sjøfuglane gode og trygge livsvilkår». Eg har ikkje sett at FFI eller kommunen har diskutert mogelege utfordringar rundt nærleiken til Tennøyane til no.

Thor Magnus Rovik, norgessjef i FFI, skriv varmt om det grøne skiftet i eit debattinnlegg i Fjordenes Tidende 10. april, og vi er begge einige i at ein kamp mot klimaendringar er nødvendig. Eg er difor overraska over at Rovik ikkje nemner korleis FFI vil ta omsyn til Tennøyane. For kor grønt blir skiftet om ein skadar verna natur? Eg, med fleire, har stilt spørsmål rundt nettopp nærleiken til naturreservatet det siste året. At FFI framleis ikkje nemner Tennøyane i sin offentlege informasjon, synes eg er svært urovekkande.

Foto: Skjermdump norgeskart.no

Nærleiken til naturreservatet vil, slik eg ser det, kunne gjere at prosjektet vil kome i konflikt med naturmangfaldlova. Dette fordi fleire fagfellevurderte forskingsartiklar har sannsynleggjort at lysforureining endrar levekåra for ei rekke artar og kan auke mortalitetsraten hos sjøfugl. Allereie i 2017 ba forskarar om at lokale myndigheiter bør hjelpe til med å redusere lysforureining i nærleiken av fuglebestandar for å redusere dødelegheit. Storulykke-anlegget som FFI vil byggje, kjem til å bidra til auka lysforureining i området via fakling, og aktivitet 24 timar i døgeret. I tillegg vil nærleiken gjere at Tennøyane vil kunne hamne innanfor ei omsynssone. Ei eventuell ulykke, både på anlegget eller i forbindelse med anløp, vil kunne verte katastrofal for naturreservatet og økosystemet i nærområdet. Spesielt sidan anlegget vil ligge midt i ein trong fjord.

Sett bort i frå lysforureininga, vil anlegget også skape ein del støy og spillvarme. Lysforureining i kombinasjon med varme er vist til å kunne forringe levekåra i ulike økosystem ytterlegare, då eitt av biprodukta frå anlegget er spillvarme, vil utslepp difor kunne skape fleire uønska konsekvensar for dyrelivet i Nordgulen. Med tanke på at det allereie er mykje industri i nærområdet, bør kommunen ta omsyn til totalbelastninga på Tennøyane og økosystema i nærleiken. Politikarane i Bremanger må ikkje gløyme at naturmangfaldet i området er med på å oppretthalde livsgrunnlaget på Tennøyane.

Ein urovekkande artikkel frå NRK publisert 16.mars skriv at 8 av 10 fuglar har forsvunne frå fuglefjella i Noreg dei siste 50 åra. Nordgulen er registrert med stor miljøverdi for sjøfugl og det er fleire artar i områda rundt Nordgulen som i følgje Artsdatabanken er sterkt, kritisk eller nær trua. Ein konklusjon ein kan trekke frå forskingsartiklane og naturmangfaldet i området, er at storulykke-anlegget ikkje vil bidra positivt til utviklinga på Tennøyane. Kunnskapsgrunnlaget sannsynleggjer dermed at fuglane som hekkar på Tennøyane vil bli sterkt råka av tiltaket. I naturmangfaldlova § 49 presiserast det at: «Kan virksomhet som trenger tillatelse etter annen lov, innvirke på verneverdiene i et verneområde, skal hensynet til disse verneverdiene tillegges vekt (...)».

No er det på høg tid at kommunen tar naturen på alvor og blir medviten på ansvaret dei har over sårbare naturområde i Bremanger. Dersom desse planane blir ein realitet er det grøne skiftet blitt eit luftslott, og viser at sjølv Noregs strengaste form for områdevern er fånyttes mot nedbygging av natur.