Det er kalla inn til ekstraordinært formannskapsmøte denne veka. Eine og aleine for å sende «støtteskriv» til Samferdselsdepartementet om at Nordfjordbrua er liv laga som pilotprosjekt.

Støtteskrivet er fint, forseggjort og lidenskapeleg det, for all del, men vi bit oss merke i eit par detaljar som bruforkjemparane gjerne kan forklare nærare. Ifølgje skrivet vil Nordfjordbrua både « … svare ut mange av berekraftsmåla …» og « … på sikt gje ein stor miljøgevinst.». Påstandane er vage og ikkje dokumentert noko særleg utover dei etter kvart standardiserte frasane knytt til «lokal og regional vekst» og at «dette er god økonomi».

Henrik Tryggestad Koi, Stad MDG. Foto: privat

Brundtlandrapporten sin definisjon av ordet «berekraft» er som kjent: «utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få dekket sine behov».

I lys av dette er det ikkje til å kome utanom at Nordfjordbrua sin reelle påverknad på natur- og klimakrisa som verda står ovanfor også må fram i lyset. Som eit minimum jamstilt med fokuset på sosial- og forretningsmessig berekraft. Her har bruforkjemparane ein lang veg å gå, og vi kan forhåpentlegvis ha ein konstruktiv debatt i tida som kjem.

Etter ein gjennomgang av saksdokumentasjonen kan vi berre finne eit par-tre konkrete poeng som kan relaterast til miljømessig berekraft. Det blir hevda at brua vil gje «Reduserte klimagassutslipp fra transport» og at ny teknologi kan nyttast til å oppnå « … CO2-kutt i sementproduksjonen…». Dessutan syner konsekvensutgreiinga frå 2017 at ingen av dei vurderte alternativa kan seiast å vere særleg berekraftige, og at det framleis er behov for omfattande utgreiingar.

Og då kan ein jo spørja seg; har formannskapet høve til å hevde at ein 1.900 meter lang og 14 meter brei konstruksjon av stål og betong (to av dei mest energiintensive byggemateriala), attpåtil akkompagnert av utsprenging av 80 meter brei skipskanal og 500 meter lang tunnel, er berekraftig? Høve til å hevde at auka biltrafikk vil gje ein stor miljøgevinst?

Det heng ikkje heilt på greip. Og uansett kor kraftig grønsåpe formannskapet til slutt måtte finne fram, så vil Nordfjordbrua i eit klima- og miljøperspektiv etter vår meining vere eit grått prosjekt – i utakt med berekraftsmåla.