Politikarane i Bremanger vil samarbeide med Kryss Revisjon, men ikkje med Terje Førde.

Striden mellom Bremanger kommune og revisor Terje Førde var på nytt tema i kommunestyret torsdag.

Les også: Kallar inn til hastemøte

Eit samla kommunestyre i Bremanger vedtok torsdag at kommunen ikkje har mistillit til korleis Kryss Revisjon tek hand om revisjonsarbeidet til kommunen.

I ei orienteringssak i same møte, forklarte likevel varaordførar Nina Grotle (Ap), som også er leiar i forhandlingsutvalet som har hatt møter med Kryss Revisjon, at det er ønske om ein ny revisor. Dette fordi samarbeidsklimaet med Terje Førde, som er dagleg leiar i Kryss Revisjon, «ikkje er heilt godt».

Les også: Politikarane gjorde heilomvending

– Det er ikkje gjort eit vedtak på dette, men det er eit signal frå kommunestyret at ein ønskjer at formannskapet ser på dette, seier Nina Grotle.

I orienteringa blei det presisert at Bremanger kommune ikkje har noko å utsette på kvaliteten på revisjonstenestene Kryss Revisjon utfører.

– Det handlar om utanforliggjande element, som at samarbeidsklimaet ikkje er tilfredsstillande, seier Grotle, som derfor har fått signal om at ein bør diskutere eigarskapet i revisjonsselskapet.

– Så det er Terje Førde som er problemet?

– Ja. Det er eit samarbeidsklima som ikkje er heilt godt. Vi ønskjer vidare samarbeid med selskapet, men ny revisor. Det ønskjer vi å diskutere i formannskapsmøtet og vidare i eit eigarskapsmøte, seier ho.

Les også: Saknar forklaring og orsaking

Les også: Flyttar frå bygdestrid og krangel

Les meir om striden mellom Bremanger kommune og Terje Førde i papirutgåva måndag 12. november.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende