Det seier søskena Gunnhild og Sveinung Sundli, som er to av fem medlemmar i bandet. Dei lagar musikk i sjangeren folkrock, og spelte på festivalen tilbake i 2004. Torsdag var det tilbake på Nordfjordeid.

– Malakoff er ein av få festivalar som faktisk er ein festival. Med det meiner vi at det er fleire scener, camp og ikkje berre ein konsertproduksjon, forklarar Sveinung.

Han spelar fele i bandet, og har sjølv arrangert av Storåsfestivalen.

– Malakoff var bra allereie på sitt andre år i 2004, og det at ein får til å arrangere ein så velorganisert og bra festival på vesle Norfjordeid er berre fantastisk, seier han, og legg til:

– Festivalen har greidd å skilje seg ut og vere folkeleg på same tid. Det er ein vanskeleg og utruleg viktig balanse, rosar Sveinung.

Gunnhild fortel at ho var veldig ung då bandet besøkte Nordfjordeid i 2004, men fortel at opplevinga i år også gav meirsmak.

– Det var utruleg flott, og vi vart veldig godt mottatt. Det er utruleg fint å sjå at festivalen har blitt så stor, og at vi endå er like velkomne.

Sidan sist har bandet vore oppløyst i mange år, før dei fann tilbake til kvarandre og starta opp igjen i fjor.

– Eg mista interessa, men Sveinung gav aldri opp. Vi hadde pause i rundt 13 år, og eg var tjue då vi la opp. Etter å ha kjent på saknet og kor mykje det faktisk betydde blei lysta stor igjen, og no spelar vi inn plate, forklarar Gunnhild, som i mellomtida har rukke å bli mamma.

Ho fortel at ho også hadde ei frykt for å ikkje vere ønska dersom dei valde å starte opp igjen.

– Vi gav oss nok på topp, og det er jo noko fint med det òg. I tillegg var eg nok redd for å ikkje få jobbar. Det har gått over all forventning, og i sommar har vi lagt bak oss ti jobbar, og har endå åtte igjen, seier ho.

Dei har spelt på fleire store festivalar i sommar, men meiner likevel at Malakoff utmerker seg positivt.

– For oss var Malakoff sommarens hittil finaste festival å spele på, og då snakkar vi for heile bandet, seier dei.

– Det er kult publikum og fine folk. Eit hot tips for arrangørane er å booke inn Gåte til neste år. Vi ønsker oss tilbake til Malakoff og Nordfjordeid, avsluttar dei.