Mens hovedscenen først åpnes i morgen fredag er det på Amfi-scenen og på scena ved Pepsi Max-lavvoen at følgende syv artister skal i aksjon i kveld:
Honningbarna, Castro, Sjur, Heave Blood & Die, Unge Ferrari, Bokassa og Gåte.
Honningbarna
Malakoff Rockfestival sin omtale:
Gjengen som holdt på å rive ned Malakoffscena i 2015 er tilbake, og det musikalske fyrverkeriet kickstartar Malakoff18 som første band ut på torsdagen! HonningBARNA!! HonningBARNA!!
For deg som: Diggar ung og vital punkrock av ypperste klasse.
Du kan forvente deg: Eit av noregs beste liveband og ein fantastisk liveenergi utan sidestykke!
Hits: Noen å hate, Fri Palestina og Hold an ann
Castro
Malakoff Rockfestival sin omtale:
Det erfarne allstar-punkrockbandet Castro er proppfulle av energi og speleglede, og tek med seg både gamle og nye klassikarar til Malakoff18. Vi kjenner rockefoten riste!
For deg som: Er fan av melodisk og variert punk, hardcore og alternativ rock.
Du kan forvente deg: Ein herleg punkete rockhyllest frå eit legendarisk stjernelag frå Life... But How To Live It?, Israelvis, Angor Wat, The School og Funny Farm.
Hits: Hidden Agenda, Indigo og Undercover
Sjur
Malakoff Rockfestival sin omtale:
Sjur har oppnådd stor internasjonal merksemd med sine offisielle remixar for mellom anna Pitbull, Seeb og James Arthur. Glopparen er i dag ein av dei mest spennande nykomarane frå Noreg, og no kjem topplistekongen til Malakoff!
For deg som: Vil danse deg ned i solnedgangen til topplistehits som Let Me Love You (som har vanvittige 75 millioner streams!)
Du kan forvente deg: Heite remixar og eigen musikk frå ei internasjonal up-and-coming-stjerne frå Sandane!
Hits: Let Me Love You, What Do I Do og Lovesick
Heave Blood & Die
Malakoff Rockfestival sin omtale:
Heave Blood & Die slapp i år sitt andre album Vol II som har blitt unisont hylla i norsk og internasjonal presse. «Verdsklasse», «Eit av årets album», «Flaggskip i eigen sjanger»...Lista med superlativar er lang, og kvintetten har på kort tid etablert seg som eit av landets mest spennende band – både på plate og live.
For deg som: Vil ha hardtslåande og energirike låtar, spekkfulle av feit gitar og buldrande bass.
Du kan forvente deg: Mørk og overbevisande doom-rock frå Tromsø
Hits: Plague, Countercult og Harakiri
Unge Ferrari
Malakoff Rockfestival sin omtale:
Etter å ha opplevd Øyakonserten og eit utselt Spektrum i fjor var det kun éin tanke som stod i hovudet; Unge Ferrari berre må komme på Malakoff i 2018. Gjett om vi gler oss!
For deg som: Diggar grensesprengande R&B, hiphop og pop.
Du kan forvente deg: Ein cool fyr proppa med nok hits, beats, groove og stemme til å underhalde Malakoff til dei grader.
Hits: Urettferdig, Ashanti og Nostalgi 3Millioner
Bokassa
Malakoff Rockfestival sin omtale:
- Insanely fucking cool, seier Metallica-trommis om sitt favourite new band! Det er lett å seie seg einig med Lars Ulrich for Bokassa blandar stoner-rock og hardcore til ein verkeleg potent stonerpunkmikstur og slapp debutplata Divide & Conquer i fjor til strålande kritikkar. Det er med andre ord berre å glede seg til Malakoff18!
For deg som: Diggar tempoet til pønken og elskar tyngden i stonerrock. Her får du i pose og sekk!
Du kan forvente deg: Ein hard overraskingspakke frå eit trondheimsband som har hausta lovord både her heime og i det store utland; Mellom anna skåra dei heile 8/10 i Metal Hammer UK!
Hits: Walker Texas Danger, Crocsodile Dundee og Last Night (Was a Real Massacre)
Gåte
Malakoff Rockfestival sin omtale:
Etter 12 lange år er legendariske Gåte endeleg tilbake! Vi forventar magiske tonar når Gunnhild Sundli og kompani inntek Amfiscena på torsdagen.
For deg som: Diggar rock ispedd norsk folkemusikk. Elskar når nytt møter gammalt.
Du kan forvente deg: Å bli bergteken av både gamle og nye låtar i kjent Gåte-univers.
Hits: Sjå Attende, Stolt Solvår, Bendik og Årolilja.