Då elevane frå Vågsvåg og Holvik skulle på sin første skuledag i nye klassar etter ferien kom det ingen skulebuss.

Asgeir Myklebust i Firda Billag kunne ikkje seie kva som hadde skjedd då Fjordenes Tidende ringde dei rundt klokka 08.30 måndag morgon.

Klokka 08.50 opplyste Myklebust at då var bussen på veg mot Oppedal for å hente ungane, altså nesten ein time etter at den skulle frakta barn og unge til sin første skuledag.

Myklebust kunne framleis ikkje sei kva som var grunnen til at bussen ikkje gjekk som den skulle. Men han beklagar sterkt at bussen ungane ikkje kom seg på skule i rett tid.

Han seier at dei har varsla skulane som starta i dag at skulebussen var kraftig forseinka.

Etter det Fjordenes Tidende kjenner til hadde fleire foreldre organisert privat transport av ungane.