Dette innlegget er skrevet av Jan Eide og sto på trykk i Fjordenes Tidende tirsdag 18. august.

Tysdag 4. august var eg så uheldig å slite av den eine akillessena. To dagar seinare slo dei fast på Eid legekontor at dette måtte det operasjon til.

Nummeret til Førde vart leita opp, men då sa eg frå at eg ville heller til Volda. Nummeret til Volda var vanskeleg å finne på arket på veggen.

Nummeret til Førde kunne eg lese frå der eg sat. Kanskje det er Jon Bolstad som har vore her, kommenterte eg under humring frå personalet.

Måndag klokka 09.00 melde eg meg på Volda sjukehus. Kl. 11.30 var eg ferdig og kl. 15.00 var eg heime att i Kjølsdalen.

For eit sjukehus og flott handsaming! Med ein gang starta ei smilande sjukesyster med å ta blodprøver og målte blodtrykk og hjartefunksjonar. Det vart organisert slik at eg fekk orientering og snakke med dei som skulle ha med meg å gjere før operasjonen.

Ferdig operert, vart eg trilla inn på eit rom og fekk kvile, drikke og mat. Før eg reiste, kom legen som opererte, inn om og orienterte om korleis han vurderte situasjonen og kor tid eg skulle kome att for å ta av gips, før han rekvirerte drosje til meg.

Refleksjon: Kvifor skulle eg til Førde? Volda, eit fantastisk sjukehus, med eit fantastisk team – kvifor kan vi ikkje ha noko slikt i Nordfjord?

Ein seier at store sjukehus er det beste. Det er feil. Det er personalet og det utstyr dei brukar som tel.

Det er avstand og tid som tel om noko skikkeleg er gale.Takk til personalet ved Volda sjukehus og den hyggjelege sjåføren som køyrde meg heim.