Dei hadde pynta opp campen sin på Malakoff Rockfestival med både glitter og pride-flagg, og val av camp-effektar var ikkje tilfeldig.

– Vi vel å ta den heilt ut for å vise at vi ikkje bryr oss om til dømes korleis folk ser ut og kler seg, eller kva for ei legning ein har, fortel dei Margrete Kvalheim, Lovise Paris og Martin Dyrseth.

Sistnemnde er sjølv homofil, og meiner det er særleg viktig vere seg sjølv på små plassar.

– Nordfjordeid er ein veldig liten plass, men det skal ikkje vere noko hindring for å utfolde seg sjølv, seier han, og får støtte frå dei to andre.

– Fredag tok nokon flagget og sette kryss over det. Vi trur eigentleg folk berre har behov for å uttrykke seg, forklarar dei.

– Vi har òg fått ulike tilbakemeldingar på kleda våre, særleg mine. Nokre har sagt at eg ikkje kan vere så synleg, medan andre har spurt kor dei kan kjøpe same, seier Dyrseth, som hadde på seg ein gjennomsiktig og lilla overdel.

Dei påpeiker at det endå er ein kamp å ta, ikkje berre for homofile sin posisjon i samfunnet, men for at folk skal få vere seg sjølv.

– Vi må vise at vi tek ei tydeleg standpunkt og prisar mangfaldet!

Festivaldeltakarane er likevel einige om at deltakarane på Malakoff generelt er opne og inkluderande.

– Eg kjem frå Averøya og har nettopp budd eitt år i Auckland. Der fekk eg endeleg kjenne på å få vere meg sjølv, og når eg kjem hit kjenner eg meg like akseptert som eg har gjort der, smiler Dyrseth.

Han er på Malakoff for første gong saman med vennane som han møtte på folkehøgskule i fjor.

– Eg diggar det!, men det er mykje takka vere folka, seier han.

Paris og Kvalheim har vore på festivalen i fleire år, og meiner stemninga er like god som alltid.

– Det er fantastisk, og i år er det veldig bra med nye fasilitetar på campen, i tillegg til betre toalett, rosar dei.

– Men vi skulle gjerne sett litt meir hiphop på programmet, og endå større variasjon. Det hadde vore dritkult! Men vi skjønnar at det er ein rockfestival og diggar det uansett, smiler dei.

– Dessutan er det så gøy at ein på festival kan ta av med glitter, glam og det ein måtte ønske av andre kjekke ting. Alt er liksom lov, ler dei.

Les flere av våre Malakoff-saker her.