Tove Lill Refvik Volle, leiar for Vågsøy Ap, har skrive dette innlegget:

Nokre av mine tankar om Kinn kommune

Identitet er viktig. Eg vil alltid vere ein raudebergar og vil alltid vere stolt av det. At vi blir Kinn kommune forandrar ikkje på dette. Eg bur her eg bur, og vil alltid vere stolt av heimplassen min. At vi blir Kinn kommune forandrar ikkje på dette. Men det kan forandre kommunen eg bur i til å bli det kraftsenteret på kysten den burde ha blitt for mange tiår sidan.

I diskusjonen rundt Kinn kommune kjem det fram ulike saker, som dette med identitet, visjonar, saksgang, arbeidsgjevaravgifta, om samarbeid er avhengig eller ikkje av kommunesamanslåing og tala i kommunebarometeret. Eg har lyst å kommentere noko av dette.

Arbeidsgjevaravgifta er eit anna tema. Denne har blitt diskutert og mange har ulike vurderingar av kva som kan eller ikkje kan skje med denne. Det einaste vi veit er at den skal bli endra, ikkje berre i vårt distrikt men over heile landet. Sjølv om det ikkje er mitt politiske parti som er i regjering akkurat no, så trur eg ikkje at noko regjering ønsker å lage ei avgift som gjer at bedrifter ikkje klarer seg.

Kommunebarometeret som rangerer kommunen i Noreg etter korleis dei utfører tenester gir eit visst inntrykk på same måte som Kostra-tala, men her er nokre feilkjelder som vi også kan ha med i bildet bak, blant anna at det forutset at alle kommunane er like flinke til å melde inn riktige tal, og det er det dessverre ikkje alle som er. Dette må utbetrast så ein sikrar seg at alle registrerer det same på same teneste og stad. Når det er sagt, meiner eg også at dette er noko vi må jobbe saman om å bli endå betre på. Også her kan vi lære av kvarandre.

Eg meiner det er viktig at vi grip den moglegheita vi har no – til å satse på Vågsøy og til å satse på Kinn.