Vararordførar i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp), har skrive dette lesarinnlegget som eit svar til lesarinnlegget «Lek med tall»:

«Svar til Rolf Petter Vedvik sitt innlegg om lek med tall»

Ja, godaste Rolv Petter no har du verkeleg leika deg med tall, men som den eminente økonom du ynskjer å framstå som, så skal eg ikkje imøtegå alt, men noko av det må berre kommenterast i og med at du ynskjer å framstille underteikna som totalt blotta for økonomisk sans. Det er mogleg du har rett, men det får andre bedømme.

Så vil eg minne deg om at alle dei  budsjetta som Senterpartiet har vore medansvarleg for, har det gått bra med når rekneskapen har vorte oppgjort. At kraftaksjane vart selde var iallfall ikkje vår skuld, men heller ikkje det har du fått med deg. Fullt av feil er der iallfall i det meste av det du skriv.

Du skriv: «Flytter 50 personar ut av Vågsøy i året, taper rest-Vågsøy bare i grunnbeløp frå staten 12 millioner kroner». Det betyr at når cirka 500 personar i Bryggja, så meiner du at vi taper 120 millionar kroner?

Så angrip du oss i Sp og fleire angåande vårt forslag til reduksjon av vikarar i helsesektoren. Her har du umogleg forstått kva vårt forslag vårt gjekk ut på. At det går an å få en slik total skivebom er berre fantastisk.

Vårt forslag var eit alternativ til å leige personell frå dyre vikarbyrå for å få ned denne bruken og få ned belastande overtid som også gjev høgt sjukefråvær. Ein sjukepleiar får vikarbyrå kostar cirka dobbelt av det som eigne tilsette.

Vesle Askvoll kommune prøvde ut denne modellen. Dei tilsette først tre sjukepleiarar, dette fungerte så godt at dei tilsette ytterlegare to til og dei oppnådde dette som eg viser til. Dette fortalte Frida Melvær meg. Men den kommunen er vel for liten til å forstå sitt eige beste etter ditt syn.

Dette var det som vi også foreslo, men du har vel kanskje gått for lenge i oppe Holmenkollåsen til å forstå noko slikt.

Eigedomskatt: Det står i intensjonsavtalen at denne skal harmoniserast, derfor er dette eit tema. Og så veit eg ikkje om du har fått med deg prisane som er oppnådde den siste tida i Vågsøy på gode bustadar og leilegheiter

At du ikkje vil verte styrt frå Sp og nei-flokken som du kallar oss kan eg ikkje hjelpe deg med.

Men at du som ynskjer å framstå som ein sosialdemokrat, og så til dei grader undervurdere folk sine evner til å tenkje sjølve, det skuffar meg. Men det er kanskje det Ap slit med både lokalt og sentralt.

Gro og Kåre var ihuga EU-tilhengjarar, men dei respekterte folket sitt val og følgde folket sitt råd. Vonar at du vil oppfordre til det same.