– Det var ei veldig kjekk og spennande oppleving, seier Pavelich om oppdraget for NRK, der han sist veke var mentor for dei ti kjende artistane i årets Stjernekamp i EDM-sjangeren, også kjent som elektronisk dansemusikk.

– Det var ein ukjent sjanger for dei fleste av artistane, og såleis ei stor utfordring, men etter nokre dagar med øving er eg imponert over det endelege resultatet, seier Pavelich, som dei siste to-tre åra har drive mykje i EDM-sjangeren.

Eidaren var aldri i tvil om å seie ja til mentor-oppdraget.

– Kva enn det er som kan vere med å få namnet mitt ut der seier eg ja til. Eg trur denne oppgåva kan føre med seg mykje, både nye relasjonar og framtidige samarbeid og coaching-prosjekt.

Eg har jobba ekstremt hardt det siste året, no kjem fruktene, seier han og understrekar at han på ingen måte har tenkt å sette ned tempoet med det første.

– Det skjer mykje spennande framover. Eg skal mellom anna på ein låtskrivarcamp i Hamburg om to veker, og til Kina i oktober for å skrive for ei jentegruppe. Og så blei eg jo godt kjend med artistane som deltek i Stjernekamp. Ein skal ikkje sjå vekk i frå at eit samarbeid med ein av dei er mogleg i framtida.

– Eit kjempebra TV-konsept

Pavelich fortel at han er stor fan av Stjernekamp-konseptet, og at han er veldig takksam og audmjuk for moglegheita til å vere med som sjangerekspert.

– Det er kjempebra TV, og eg har følgt med i fleire år. Eg kunne godt tenkt meg å vere med sjølv. Ein får verkeleg testa eigne grenser, og det verkar utruleg givande å sette seg inn i såpass mange sjangrar.

At han blei spurt om å vere mentor, trur han er på grunn av erfaringa som både låtskrivar og vokalist i sjangeren.

– Det er nok eit stort pluss at eg driv med begge deler, og så har eg vore godt synleg i EDM-miljøet dei siste åra. Og det var nok ikkje eit minus at eg har vore med på både Beat for beat og The Stream frå før, og vist at eg passar TV-formatet.

Pavelich si rolle i Stjernekamp produksjonen var å hjelpe dei ti kjende artistane til å beherske EDM-sjangeren på best mogleg måte.

– Min jobb var å møte på øvingane for å gje tips til teknikk. Deltakarane er drivne musikarar, men det er somme måtar å synge på som kan passe ein sjanger, men som igjen kan vere heilt feil i ein annan. Då er det litt jobb som må leggast ned. Det handlar om å vere bevisst på korleis ein held notane, og korleis ein skal få til å sette sin eigen vri på låten, og framleis halde seg innanfor landskapet sjangeren tillèt, seier eidaren.

– Målet mitt var at artistane skulle vere såpass trygge på sin eigen vokalprestasjon at dei kunne fokusere mest mogleg på formidlinga og tilstadeveringa på scena, som også er viktig i EDM-sjangeren.