Spørsmålet hang i lufta: For andre år på rad! Korleis er det mogleg?

Oppe på scena stod Oselie Henden (14) og song orda som føltes som dei viktigaste i heile verda vår. Vi må ikkje berre sitje der og sjå, men faktisk hjelpe dei som lid naud. Så treffande i samtida, så viktig. Ikkje berre uhøgtideleg popræl, men ein tekst som betyr noko og som kan vere med og skape haldningar. Og alt dette viktige pakka inn i fengjande rytmer, med eit refreng som treff midt i øyra og framført med ei stemmeprakt som kanskje har kome litt i bakgrunnen i alt oppstyret. Oselie syng kanonbra!

Ho er løfta fram av det fremste av produsentar som finst i dette landet og opp på scena med fancy laserlys og dansarar. Fanga inn av ei mengde høgteknologiske kamera både oppe på scena og susande i lufta over oss som sit i salen, slik at du framfor TV-skjermen heime kan få alt inn i stova di i beste sendetid laurdag kveld.

Null lampefeber framfor 15.000

Jenta vi kjenner best med sveitte treningsklede enten det har handla om fotball, langrenn eller skiskyting ser ut som ei popstjerne der ho står innpakka i alt det beste NRK har å by på.

For MGPjr. er ikkje ein liten fillekonkurranse. I den viktige aldersgruppa med born og unge må det vere den enkelthendinga det blir lagt ned mest ressursar på i heile landet. Så stort er konseptet blitt at det i år er flytta frå Oslo Spektrum til Telenor Arena der 15.000 menneske er møtt opp for å få det med seg.

Og midt i all denne viraken står ei 14 år gammal jente frå Eid og ser ut til å elske det ho held på med. Null lampefeber framfor alle desse menneska på direktesendt norsk TV. Ein kan berre undrast kvar ho hentar styrken og motet frå denne jenta som er ei god blanding av Hagen-genar frå Stadlandet og Henden-genar frå Hennebygda.

Ho har god støtte frå salen. Omkring 400 personar enten busette på Eid og i Nordfjord eller med tilknyting til distriktet, er samla i to grupper i salen framfor scena. Her er familie og vener frå både skule, fotball, langrenn og skiskyting. Merkevaren «Eid Inviterer» ser naturleg nok sitt snitt til å invitere endå fleire til bygda som vi trass alt må innsjå er ein liten flekk på kartet i den store nasjonale samanhengen. Små plakatar med «Oselie» og «Verda vår» trykt på, fikst dandert med dei velkjente «Eid Inviterer»-hjarta, er delt ut.

Kveldens dronning

Plakatane blafrar i lufta når Oselie kjem på scena og framfører låten første gong som låt nummer 5. Så er alle ferdig og den spennande utveljinga til superfinalen byrjar. Tre av fire er ropt opp. Ingen Oselie. Mange gode låtar er mellom dei som står att og prøver å presse seg gjennom den trange trakta inn til superfinalen. Blant andre dei kule karane frå Folkestad i Telemark i bandet F5 med låten «Generasjon prestasjon». Og Solmaz med den flotte låten «Jeg har en drøm». Kan Oselie ryke ut, trass i at ho for oss ikkje heilt habile frå Nordfjord har sett ut som kveldens dronning?

Då Oselie vert ropt opp som siste finalist, lettar 400 kvite plakatar frå stolane i ellevill jubel. Telefonar går varme. Sms-ar med «5» til nummer 26600 flyg gjennom lufta både frå salen og heimane rundt omkring. Og då ho etter superfinalen blir ropt opp som vinnar, tek sjølv dei mest sindige av. Alt av busskaos, køståing og trøytte born er gløymt. Det er ein perfekt kveld. Det er jubel, gledestårer og ein god porsjon undring. Eitt år etter at Vilde & Anna sensasjonelt gjekk til topps i MGPjr. med landeplagen «Vestlandet» er sensasjonen endå større når ei ny jente frå Eid kopierer bedrifta.

MGPjr.-bygda

Tilfeldig? Sjølvsagt litt tilfeldig at alle marginar bikkar same retning begge gongane. Men i det store biletet er det ikkje tilfeldig at eidasamfunnet med 6000 innbyggjarar kan stille med flotte representantar i MGPjr. to år på rad. Stikkorda er satsing på kultur og musikk heilt frå skule til kulturskule, vidaregåande, Malakoff Rockfestival og Opera Nordfjord. Og det er andre faktorar ein ikkje skal undervurdere: Foreldre som stiller opp og lokalsamfunn som mobiliserer. Det er kanskje lettar for Oselie å mobilisere Eid, Nordfjord og Sogn og Fjordane enn for Magnus å mobilisere Lillestrøm og Akershus. Vi har høyrt om folk som stemte 150 gongar. Klart slikt gjerne bikkar marginar i rett retning.

Det er berre å førebu seg på nok eit år med høg temperatur og feber i MGPjr.-bygda Eid.