– Mitt mål med dansen er å ufarleggjere den. Det er mange som har ei oppfatning av at dei ikkje kan danse, men det stemmer ikkje. Dans må ikkje alltid vere sett i ei fast form som til dømes ballett eller selskapsdans, det kan vere mykje meir enn det, seier 26-åringen.

Les meir om Likestilt her.

Ho ønsker at dansen i større grad skal bli brukt i skulen, og at barn skal få danseundervisning i form av til dømes kreativ dans.

– Kreativ dans har ei kroppsleg tilnærming til dans, og handlar om å utforske kroppen sine moglegheiter for bevegelse – ikkje å presse den inn i ei form, seier Goll-Rasmussen.

Blir rørt av andre si utvikling

Sjølv gjer 26-åringen sitt for at fleire skal få ta del i dansen. Etter tre år på Måløy vidaregåande skule kom ho inn på Norges Dansehøyskole i Oslo. Ein skule som kombinerer dans med pedagogikk.

Dei siste fire åra har måløyværingen undervist i jazzdans, hiphop, ballett og musikal på fulltid. I dag studerer ho praktisk-pedagogisk utdanning i dans ved Universitetet i Stavanger.

– Her får eg moglegheita til å vidareutvikle meg som dansepedagog, samt ta danseklasser for profesjonelle. Eg har også undervist mykje workshops rundt omkring i ulike samanhengar, og medverka i ein av Klypa sine videoar med Kjell «Kjellen» Bigset, smiler ho.

Det er også som lærar at Goll-Rasmussen har hatt dei opplevingane som har festa seg.

– Det treng ikkje berre å vere dans, men det gjelder også det sosiale og på det personlege plan. Eg har mange elevar som har utvikla seg frå å vere innestengde og ta lite plass sosialt, til at dei tør å stå framfor menneske og vere trygge i si rolle. Det aller beste er når elevar kan røre emosjonelt med si formidling i dansen.

Meiner dans gir mangfald

Lidenskapen og interessa har blitt Goll-Rasmussen sitt levebrød. Ifølge henne sjølv er det dette kvardagen handlar om, på godt og vondt.

Og for måløyværingen har dansen vore med ho nesten heile livet. Det starta med dans i turngruppa til Måløy Idrettslag, og etter kvart vart det dansing på C-studio i Måløy.

– Då opna det seg mange moglegheiter, blant anna fekk eg høve til å undervise andre i dans. Etter kvart bestemte eg meg for å satse, og måtte trene mykje på eigen hand. Dette førte til at eg i ungdomsåra brukte mykje tid framfor spegelen på jenterommet. Faktisk så mykje at golvet vart slite og måtte bytast ut, smiler ho.

– Eg er heldig som får undervise i eit kunstnerisk fag som består av mange forskjellige komponentar. Dansen har sjølvsagt ein teknikk og form, men består også av musikk, kjensler, bevegelse og det reint kunstneriske. Dans kan, når faget blir brukt på riktig måte, bygge sjølvtillit og sjølvfølelse som bidrar til tryggleik og ei god sjølvoppfatning, samanfattar 26-åringen.