Desse er nominert til Drømmestipendet

Sju ungdomar frå Vågsøy, Eid og Bremanger er nominert til Drømmestipendet 2018.

Andrea Santiago Stønjum frå Måløy er blant dei nominerte til Drømmestipendet. Foto: Robert Dreier Holand/TV2  Foto: Robert Dreier Holand

Kultur

Drømmestipendet består av 100 stipend à 15.000 kroner.

Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

– Gjennom denne stipendutdelinga ønskjer vi å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. Vårt håp er at Drømmestipendet skal vere verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar, skriv aktørane på sine nettsider.

I år er det 458 unge kulturutøvarar som er nominert til Drømmstipendet. Sju lokale ungdomar er blant desse.

Dette er dei nominerte:

  • Andrea Santiago Stønjum (Vågsøy)
  • Sigrid Louise Frøysland (Bremanger)
  • Hans-Kristian Holthe (Bremanger)
  • Martha Standal Pavelich (Eid)
  • Jackbow (Eid)
  • Tuva Nyhammer Taklo (Eid)
  • Eline Jacobsen Lillestøl (Eid)