26 store og små arrangement går av stabelen i fylket under parolen «friluftsmoro» dei komande vekene. – Vi håpar mange møter opp på dei planlagde aktivitetane og kosar seg ute i friluft, seier Sigurd Felde i Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane.

26. mai er det igjen tid for det populære fjelløpet Stadlandet Rett Vest.

13. mai går turen til Gjegnen (svart ski) med Keipen Turlag. Oppmøte Ålfoten vegkryss.

Det er Møteplass for seniorar på Selstadgården onsdag 16. mai. Frivilligsentralen

Seniornettkafé er fast på Selstadgården kvar tysdag. Velkomen til nye! Frivilligsentralen

12. mai er det countryfest med Tore Leiren på Ninas Kro i Svelgen.

17. mai er det bingo i Svelgen samfunnshus

Det er bingo i Bryggja grendahus kvar måndag.

Onsdag 16. mai er det onsdagstur på Bryggja, til Maurstad gamle bru. Turen er ein Kløvertur, det vil seie ein tur som er lett, for alle og har moglegheit for transport.

Hei og hå! No blir det liv! Pensjonistane samlast førstkommande måndag. Ta med naboen og kom! Har du noko du vil dele med oss andre, er det gode greier. Jo fleire vi er, jo betre det blir. Vågsøy pensjonistlag

Ønskjer du å få ditt arrangement på Etter jobb? Send oss ein tekst og gjerne nokre bilete til fjt@fjt.no. Du kan også nå oss på telefonnummer 57 84 90 00.