– Sidan starten har vi i festivalen sett på det som ei stor moglegheit å utnytte den råvara vi tar opp frå havet. Samstundes ønskjer vi eit samarbeid med næringslivet, som kan føre til felles hygge og glede hos publikum, fortel dagleg leiar Rita Andal for festivalen.

Under festivaldagane 3. og 4. august vil kokkar frå Kraftstasjonen stå på Torget og servere steikt fisk. Dette vil skje når båtane kjem inn frå havet med fangsten, og fisken blir derfor heilt fersk.

– Det blir enkelt og godt. Det blir ein stålbenk og steikepanner, og så steiker vi opp eit utval av dei fiskane vi får inn. Så her vil det bli mogleg å smake på noko nytt for både store og små, seier Andal.

Populært tilbod

Kjøkkensjef Sandra Christine Refvik ved Kraftstasjonen gler seg over samarbeidet.

– Vi er glade for å få denne moglegheita. Dette er ein flott sjanse til å få vist fram råvara, samt å få fleire barn til å ete fisk, fortel Refvik.

Nettopp det å få barna til å ete fisk er viktig for festivalen.

– Frå byrjinga av har vi vore opptekne av at det som skjer på festivalen skal vere for alle, understrekar Andal, og legg til:

– Tidlegare har vi hatt to stykk som har steikt fiskekaker til ungane. I fjor var det ein liten gut som kom bort og spurde meg kor mange fiskekaker det var lov å ete. Eg spurde kor mange han hadde spist, og han svarte ti. Då sa eg at grensa var 18, smiler Andal.

Den daglege leiaren fortel vidare at ein av hennar kjepphestar har vore å presentere det som kjem på land.

– Det har vore veldig mange som har vore på Torget når båtane har kome inn, men kva så? Jo, i år skal vi gjere oss enda betre nytte av ressursane som kjem inn frå sjøen.

Enkle og gode smakar

Menyen vil bli bestemt av kva fiskarane får, men målsettinga er at det skal vere godt og enkelt, både å lage og ete.

– Det blir kanskje ein saus eller noko tilbehøyr, men det blir enkelt i steikepanna. Men vi har jo våre triks, smiler Andal, som sjølv er tidlegare kjøkkensjef på Kraftstasjonen.

Ho peiker på at festivalen både ønskjer og er avhengig av samarbeid med lokalt næringsliv for å arrangere Måløy Havfiskefestival.

– No har vi fått til eit samarbeid med ein fantastisk fiskerestaurant i Måløy. Samarbeid med lokalt næringsliv er veldig viktig. Utan dei hadde det ikkje vore mogleg å presentere og gi det som vi gir til alle ungane under festivalen, slår den daglege leiaren fast.