Abbeldagane vart arrangert for første gong i haust, og blei ifølgje arrangørane ein stor suksess. Dei går derfor på igjen i år og arrangerer nye dagar 17. og 18. august.

– Vi skulle arrangere det tidlegare på sommaren, men vi valde å flytte det, sidan det mellom anna krasja med Måløydagene, seier Siv Bakke i Abbel tradisjonsmat.

Tradisjonsmat

Å sette fokus på norsk tradisjonsmat var målet med dei første Abbeldagane. Og tradisjonsmat blir igjen i sentrum når Abbeldagane blir arrangert på ny.

– Vi fekk mange gode tilbakemeldingar på dette med å få lov å prøve litt sjølve. Og litt av det som er poenget bak. At generasjonar kan ta opp dette med tradisjonsmat, seier Bakke.

I fjor var det stinn brakke i det gamle fabrikklokalet på Davik på messedagen. Og opplegget på messedagen i år blir det same som i fjor, berre utvida.

Det betyr at det blir standar der ein kan sjå på flatbrødbaking, få seg rømegraut og anna tradisjonsmat, samt at ein kan prøve seg på å lage mellom anna pølser og karbonader.

– Og så blir det sjølvsagt boder med folk som har noko å selje. Det kan vere strikkasokkar, saft, sylte – kven som helst kan eigentleg vere med på den biten, seier ho.

Aktivitetar og camping

I tillegg til matlaging så vil ein prøve til å få fleire aktivitetar i år.

– Sidan det i år blir på sommartid, så vil vi prøve å få til litt uteaktivitetar, der vi drar fram gamle leikar og slikt. Så blir det litt meir aktivitetar for barn, seier Bakke.

Fredag blir det også jamsession i den gamle fiskefarmen på Davik-

– Det er «Ti aldrande menn» som stiller opp og skal spele. Og så kan også kven som helst komme og vere med å spele, seier Bakke.

Laurdag kveld blir det i tillegg dans, også det på Farmen.

Ved «farmen» i Davik blir det også moglegheiter for å bu.

– Om ein har bubil eller campingvogn så kan ein stå ved farmen, fortel Siv Bakke, og seier at ein alltid skal greie å finne ein plass.