Loen Skylift kan kallast for den lettaste toppturen i Norge, fordi pendelbana tek deg frå fjord til fjell på 5 minutt. Bana er ei av dei brattaste i verda, og tek deg til Hoven på 1.010 meter over havet.

Frå toppen har ein utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, og Jostedalsbreen og Olden i sør, samt utover Nordfjord. Frå toppen kan ein utforske høgfjellet til fots eller på ski, med eller utan guide. Om ein vert svolten, kan ein nyte eit betre måltid med ei fantastisk utsikt rett utfor vindauga.

Pendelbana går kontinuerleg i opningstidene, kvar dag i sesongen. Anlegget har universell utforming, og i 2017 var det ikkje mindre enn 92.000 besøkjande på den luftige attraksjonen.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.