– Vi har altså noko for dei fleste aldersgrupper, seier Stine Lillebø Hopland som er Actaleiar og Soul Children-konsulent i Acta Barn og Unge i Normisjon i fylket.

Organisasjonen har to leirstadar i Sogn og Fjordane. Ein i Nordfjord og ein i Sunnfjord.

– Både Fjordly (Bryggja) og Teigen (Eikefjord) er godt tilrettelagde for sommareventyr og herlege leirdagar, skriv Lillebø Hopland i ein e-post.

På leirstadane er programmet ifølge Lillebø Hopland fullspekka med aktivitetar som båt- og badeliv, fotball, utflukter, volleyball, kubb, fotball, god mat, bibelstunder, kveldssamlingar framfor peisen eller bålet og underhaldning.

– Sommarteamet satsar også i år på å lage tidenes beste leirsesong, avsluttar ho.