– Dronninga har jo besøkt Vingen to gongar, seinast i fjor, og ho er veldig entusiastisk når det gjeld plassen. Ein av dei tinga vi håpar på i framtida er jo å få Vingen på verdsarvlista, og at vi har ei dronning som er så interessert i området, fortel oss at vi kanskje er på rett spor, seier Åse Leirgulen.

  • Sjå video om Virtuelle Vingen nedst i saka.

– Det mest autentiske

Leirgulen er mangeårig guide på helleristingsfeltet, og tek besøkjande med på ein times lang vandring blant bergkunsten.

– Det er det nest største helleristingsfeltet i Norge, etter Alta, som er verdsarvområde. Men Vingen er det mest spesielle og autentiske, fordi det ikkje er inngrep der som vegar og kraftlinjer og slike ting. I både norsk og internasjonal samanheng er det unikt.

Arkeologar som har vore der fortel at Vingen er meir kjend i utlandet enn lokalt.

– Ofte blir dei overraska over at folk her i fylket ikkje har høyrt om det eller besøkt det, seier ho.

Fleire prosjekt føregår i Vingen, der det største akkurat no er Virtuelle Vingen i regi av Universitetet i Bergen. Dette trur Leirgulen blir eit fint tilskot til opplevinga av å gå i feltet.

– Dei lagar 3D-animasjonsfilm der ein kan «vandre» gjennom Vingen utan å vere der. Ein nyttar spelteknologi.

Eigen båt til feltet?

Ann Irene Myrheim Gulestøl ved turistkontoret i Bremanger fortel om ei svak auke i talet på besøkjande til Vingen. Annakvart år har dei også skuleklasser på besøk. I 2017 var det 109 besøkjande, i 2016 var det 207, der 102 var frå skulebesøk. I 2015 var det 93 besøkjande og 2014 318 besøkjande, men då også skuleklassar frå andre kommunar.

– Det har nok litt å gjere med det ikkje er så tilgjengeleg. Vi er prisgitt den eine dagen når det er offentleg transport. Å legge opp til eigne båtar gjer gjerne at prisen per besøkande blir høg, seier Leirgulen.

– I Selje har ein klosterbåten, hadde det vore noko?

– Det hadde vore ønskeleg å ha eit tilbod som var hyppigare, i tillegg ei båtrute som tok kortare tid. No må ein ta den frå Florø eller Smørhamn. Øvst på ønskelista var om det gjekk båt frå Leirgulen, som berre tek ti minutt. Alle som er med i forvaltingsarbeidet har ønske om at flest mogleg skal besøke Vingen, så lenge det er i kontrollerte former, seier Leirgulen, og legg til at ein ikkje kan gå i land utan guide.