– Eg håpar vi får sjå gamle ting og sjå korleis dei brukte å skrive før. Her kan vi berre teikne og så kan vi legge arket under her, seier Lukas, som saman med Arthur hadde benka seg på ein av dei gamle skrivepultane på første rad.

– Eg elskar å sjå på gamle ting, seier Arthur.

Frå sju skular

– Det blir lagt opp til at dei får oppleve korleis det var å leve for 100 år sidan, kva dei måtte lære på skulen og kva oppførsel og straff dei fekk. Det var meir strengt på den tid, seier Roald Refvik.

Han er pensjonert lærar og initiativtakar til det nye skulemuseet på Raudeberg.

– Her er det samla inn ting frå dei seks skulane på Nord-Vågsøy. I tillegg har eg samla ting frå gamle Vågsøy ungdomsskule. Eg hadde jobb med å registrere alt som skulle takast vare på, og då såg eg at det var mange ting som blei kasta, så eg gjekk der i to månader og samla ting, seier Refvik, som også er med i Vågsøy historielag.

Frå ungdomsskulen finn ein mellom anna skapa frå naturfagrommet, originale skrivebord og stolar frå 1965, plansjar, kart og skrivemaskiner.

Formidling

Skulemuseet er kome på plass etter eit halvt års arbeid, og ligg i Maritim Park på Raudeberg. Refvik trur mange kan vere interessert i å besøke skulerommet.

– Alle har gått på skule, og så håpar eg å formidle slik at ein har lyst å kome igjen. Kanskje møtest ein for klassefestar og slikt, og då kan ein kanskje samlast her for litt mimring, seier Refvik.

Om ein er interessert i å besøke skulemuseet på Raudeberg, må ein ta kontakt med Refvik, som viser rundt.

Planen er at alle femteklassingane i Vågsøy skal komme dit i løpet av hausten for omvising og historietime gjennom den kulturelle skulesekken.