– Vi har ikkje lyst til å avsløre kva aktivitetar som står på programmet, men ein skal få testa både styrke og uthald, fortel Anne Grete Strand i arrangementskomiteen.

Ho fortel at konkurransen er inspirert av TV-programmet Farmen og konkurransen Tough Viking som er Nordens største hinderløp.

– Folk skal nok få utfordra seg, men det skal vere rom for alle til å klare det. Det skal ikkje vere ei uoverkommeleg løype, understrekar Strand, som står bak arrangementet saman med bror sin, Bjørn Inge Strand, som blant anna har delteke i Tough Viking tidlegare.

Alle kan melde seg på tvekampen, men arrangørane vil ha ei aldersgrense på 16 år.

– Eg håpar det er nokre vennegjengar, bedrifter eller klubbar som melder seg på

Strand forklarar vidare at det blir seks hinder i tvekampen og at ein vil ha to og to som går gjennom løypa samstundes. Dei beste tidene gjennom dei innleiande rundane vil så møtast til semifinalar og finale.

Måløy Treningssenter skal stå for oppvarminga.