Fredag blir den kaldaste dagen, men det er likevel venta klar sol og temperaturar opp mot 15 grader i Måløy, ifølgje yr.no Det er heller ikkje meldt om særleg vind, men lett bris frå morgonen av.

Frå klokka tolv på laurdag skal gradestokken krype opp mot 20 grader, og denne temperaturen er venta å halde til midnatt. Laurdag skal det òg vere vindstille.

Søndag held det gode vêret fram, og temperaturane held seg på rundt 17 grader.