Helikopteret var også til stades på Sommaraktive Stadt sin aktivitetsdag i Korsen førre laurdag, og tilbodet viste seg å vere svært populært.

– Det var svært mange som ønskte seg ein tur, men helikopteret skulle vidare, så det var ikkje alle som fekk sjanse denne gongen, forklarte Renate Hjelle, som er leiar for Stadlandet Grendahus, i forkant av arrangementet.

Men helikopterturar var langt frå det einaste som var av aktivitetar i Korsen på Leikanger laurdag. Det var sal av rømmegraut, grillmat og thaimat, og i tillegg var det mange stands med alt frå maskinutleige, bøker, tupperware og hudpleie. Det var også underhaldning frå scena og loddtrekning.

Korsadagen vart avslutta med dans med Pink Six, som består av Bjørn Engelbrektsson og Annette Myre Silden, i grendahuset.

Du kan lese meir om Korsadagen og Sommaraktive Stadt i Fjordenes Tidende tysdag.