Bildeserie:

– Det er bare eitt ord eg har i kveld og det er takk

Etter ei helg med Seljumannamesse og fleire andre arrangement i kommunen er det ein Selje-ordførar som føler for å takke.
Kultur

– Det er bare eitt ord eg har i kveld og det er takk. Takk til Selje sanitetslag, Samfunnshusets venner, Selje Idrettslag, Ervik, Leikanger og Selje sokneråd, Bjørgvin bispedøme, Fylkesmannen, Seljumannamessekomiteen og alle som stilte opp slik at vi fekk ei fantastisk helg, skriv Selje-ordførar Stein Robert Osdal på sin Facebook etter det han omtalar som ei vellukka helg i Selje.

H. M. Dronning Sonja var til stades på Selja kloster og helgenanlegget, og ho fekk overvære Seljumannamessa saman med nesten 700 andre.