– Eg er veldig klar for å spele i Bremanger igjen, seier Odd Nordstoga og fortel at han er glad for at konserten hans søndag er flytta fram.

Hilde Hauge i komiteen fortel at konserten no er flytta fram til 19.30, slik at ein kan få med seg heile finalen - også dersom det skulle bli ekstraomgangar eller straffekonkurranse. Dei informerer samtidig om at finalen vil bli vist på storskjerm i Bremangerhallen.

– Eg har jo blitt fotball-gal sjølv, så eg er strålande fornøgd med at ein no rekk begge deler, seier han.

Han rundar av årets Bremanger Rockweekend med konsert i Bremangerhallen søndag, og dette er ikkje første gong han opptrer under Bremanger Rockweekend.

– Eg har vore der før, men då var eg ganske fersk som soloartist. Det var likevel ei fantastisk oppleving med veldig masse folk i publikum, fortel han.

Nordstoga lovar ein konsert som både er roleg og rocka på same tid søndag.

– For dei som kjenner til meg blir det jo ein del kjende hits. I tillegg blir det ein del nye låtar, og så må vi jo lage litt rocka stemning over det heile, forklarar Nordstoga og legg til at han er «klar som eit egg» for å innta scena i Bremanger igjen.

– Eg gler meg veldig!, avsluttar han.